Jakob Bjelland (Sp) og ordførar Gaute Epland (Ap). Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Me er djupt urolege for situasjonen i leverandørindustrien dersom utforminga på tiltaket ikkje blir godt nok til at det medfører investeringar.

Av: Gaute Straume Epland, ordførar Stord kommune (Ap)
Jakob Bjelland, varaordførar Stord kommune (Sp)

Olje- og gassindustrien er i ein svært krevjande situasjon. Dette rammar leverandørindustrien særleg hardt. Titusenvis av arbeidsplasser, ei rekkje hjørnesteinsverksemder over heile landet og viktig kompetanse både for olje- og gassverksemda og for grøn omstilling står i fare. 

Det hastar med å få opp nye prosjekt som monnar i antall arbeidsplasser, og på kort sikt er det ingen andre prosjekt som kan sikra alle jobbane. Olje- og gassindustrien aleine gir jobb til rundt 200 000 personar. Leverandørindustrien jobbar med å omstilla seg, men førebels er det i den norske marknaden berre nokre få nye fornybar-prosjekter som er så gryteklare at dei kan startast i 2020 og gi jobb for nokre av dei mange tilsette i industrien.

Derimot er det fleire olje- og gassprosjekt som oljeselskapa har gryteklare og som leverandørindustrien kan ta til å jobba på ganske fort. Dette inkluderer olje- og gassprosjekt som med elektrifisering og andre miljøtiltak vil vera gode løysingar også med tanke på klimautslipp. 

For å sikre aktivitet, sysselsetting og kompetanse har Norsk olje og gass og industrien fremja forslag om ei mellombels skatteendring som vil gi betre likviditet og betre lønsemd i planlagte prosjekt, slik at oljeselskapa finn det forsvarleg å investera. Forslaget innebærer utsett skatt, og ville ikkje svekkja skatteinngangen til staten over tid. Proposisjonen som no ligg i Stortinget vil betra likviditeten, men vil berre betra lønsemda marginalt for planlagde prosjekt. Dermed vil det ikkje medføra tilstrekkeleg nye investeringar og aktivitet. Forslaget har i tillegg tidsavgrensingar som medfører at viktige prosjekt med stor sysselsettingseffekt og verdiskaping fell utafor tiltaket. Det er avgjerande at det endelege vedtaket i Stortinget blir godt nok til å utløysa nye prosjekt. 

- Annonse -

Me er djupt urolege for situasjonen i leverandørindustrien dersom utforminga på tiltaket ikkje blir godt nok til at det medfører investeringar. Sunnhordland er leverandørindustrien sin hovudstad, og aktivitet i denne næringa gir store ringverknader i heile regionen. Tilsvarande vil ein bratt nedgang i aktiviteten ha store negative konsekvensar for sysselsetting, skatteinngang og aktivitet i heile kjeda av leverandørindustri og hos ulike typar tenesteytande næring.

Leverandørindustrien er i særstilling når det gjeld verdiskaping og ringverknader. Kvar jobb hos ein av dei store hovudleverandørane gir som ringverknad to jobbar til hos underleverandørar, og ein tredje jobb hos tenesteleverandørar, handelsnæring og arbeid i offentleg sektor. 

Mange er allereie permittert, og det ser ut til at dette vil auke dersom det ikkje kjem signal om nye prosjekt raskt. For mange verksemder vil permitteringar då ikkje vera tilstrekkeleg, og ein vil måtte ty til oppseiingar. Dette er alvorleg for dei som vert ramma, og for Noreg som får store utgifter til dei som er ledige.

Ein dramatisk nedgang i aktiviteten i leverandørindustrien vil i tillegg medføra at ungdom søkjer seg vekk frå industrien. Også i framtida vil det vera behov for at ungdom vel å bli ingeniørar eller operatører med yrkesfag. Då er det viktig at verksemdene har tilstrekkeleg aktivitet til å kunne ta inn lærlingar og nyutdanna. I motsett fall vil ein kunne få ungdomskull som ikkje kjem ut i jobb, med dei negative konsekvensane det har for den enkelte og samfunnet. Det er desse som skal bidra til at me får realisert det grøne skiftet og utvikla vidare kompetansen ein gjennom mange år har bygd opp i leverandørindustrien.

For å få dette til treng industrien nye oppdrag, og det hastar med å få dette på plass. Det er difor viktig at det endelege vedtaket i Stortinget blir godt nok til å utløysa nye olje- og gassprosjekt.