Gruppene diskuterte ivrig. Foto: Ingrid Hovstad
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fitjar kommune inviterte i går fitjarbuen til å vere med å forme Fitjar si framti, i samband med utarbeiding av planprogrammet for kommuneplanen si samfunnsdel.

Av: Ingrid Hovstad, Fitjarposten

Ordførar Wenche Tislevoll opna møtet, og bad salen om å våga å tenkja nytt når ein no skal prøva og planleggja Fitjar sine neste 20 år.

– Planprogrammet for kommuneplanen sin samfunnsdel må peika på dei største utfordringane for åra som kjem. Berre ved å kartleggja alle utfordringane Fitjar kan koma til å møta, kan ein gjera kommuneplanen sin samfunnsdel(KPS) treffsikker nok til å løysa desse, forklarte, rådmann Olaug Haugen.

Haugen fekk salen med på ein spennande aktivitet. Dei i salen med ein smarttelefon kunne skriva inn 5 ord som dei assosierte med Fitjar på ei nettside. Orda vart samla til eit flott bilete, der ord fleire skreiv vart framheva(sjå bilete under). Dei aller største orda var natur, fjell, sjø, landbruk og vindmøller.

Svara frå 31 personar. Mentimeter.com

Fitjar 2030

Etter ordføraren og rådmannen hadde tala, fekk dei politiske partia i Fitjar 2 minutt kvar til å fortelja om Fitjar i 2030. Fleire av dei nemnte frå talarstolen kor viktig kommunedelplanen vert, og understreka kor viktig det er at ein får innspel i frå alle hald.

- Annonse -
- Annonse -

– For å sjå framover må me sjå bakover, fortalde Agnar Aarskog i frå Arbeidarpartiet. Han peika på korleis Fitjar har vakse dei siste 20 åra, og meinte me måtte passa på at denne veksten ikkje stoppar opp.

Givande gruppearbeid

Til slutt vart salen bedt om å jobba i grupper med å finna ut kva moglegheitene og utfordringa for Fitjar dei neste 20 åra.

- Annonse -

Etter ein time med mange gode diskusjonar rundt småborda, fekk alle gruppene legga fram 3 fortrinn og 3 utfordringar dei hadde diskutert.

Lange lister med fortrinn og utfordringar kom til under møtet. Foto: Ingrid Hovstad

Gruppene var einige om at natur og sjø, både innanfor næringsliv, turisme og friluftsliv var eit stort fortrinn. Me er flinke på kultur og dugnadsånd i eit inkluderande samfunn. Og me har mykje areal og gode tomtar til både næring, bustadar og hytter. Dette var nokre av fortrinna som vart nemnt.

Presset på å oppretthalda gode kommunale tenester, og mangfald av handelsstadar og arbeidsplassar var det fleire som såg på som ei utfordring. Mange meinte ein måtte verta flinkare på å utnytta heile kommunen, og at ein må passa på so ein har både levande bygder og eit levande sentrum.

Innbyggjarpanel

Folkemøte er ikkje Fitjar kommune sitt einaste initiativ for å få folk til å medverka planprogrammet for kommuneplanen sin samfunnsdel. Ein har blant anna sett saman eit innbyggjarpanel av 13 lag- og organisasjonar pluss næringslivrepresentantar frå Fitjar. For to veke sidan var dei samla for første gong, og kom med sine første tilbakemeldingar.

Innbyggjarpanelet skal samlast ein gong i kvartalet medan arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen føregår. Innspela frå første møte kan du lesa på heimesida til kommunen.

Høyringsfristen for planprogrammet for kommuneplanen sin samfunnsdel er den 24.mars.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -