Sigbjørn Framnes (t.v.) møtte fredag Helge Andre Njåstad og politisk rådgjevar i kommunalfraksjonen til Frp, Oda Therese Gipling. Foto: privat
- Annonse -

Stord-politikar Sigbjørn Framnes tok seg ein tur på Stortinget for å diskutere Biltema-saka med stortingspolitikar Helge André Njåstad.

Denne veka skreiv Stord24 at fylkesmannen i Hordaland sendte eit brev til kommunal- og moderniseringsdepartementet med ei sterk oppmoding om å stanse bygginga av Biltema på Heiane vest.

Fylkesmannen oppmoda også departementet om å oppnemne ein setjefylkessmann for å gjere endeleg vedtaka i saka.

Dette er bakgrunnen for at Stord-politikar Sigbjørn Framnes (Frp) freddag hadde eit møte med stortingspolitikkar Helge André Njåstad, som var leiar av kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortiniget fram til i fjor.

Framnes opplyser at møtet var produktivt, og at dei blei lovd eit møte med kommunal- og moderniseringsdepartementet, som skal handsame Biltema-saka.

– Under møtet vart det stadfesta at me får til eit møte med departementet. Det er bra for den vidare prosessen mot ei løysing for byggesaka, opplyser Framnes.

 

- Annonse -