Foto: Pixabay
- Annonse -

KOMMENTAR: I heile landet vert koronaviruset no tatt på det høgste alvor. Berre ikkje på Stord.

Av: Jonas Sætre, redaktør i Stord24

Kommunelegen i Stord, Lars Helge Sørheim, har ei sentral rolle for korleis Stord-samfunnet taklar eit utbrot av det dødelege koronaviruset, som til no har smitta over 400 nordmenn. Det er han som legg føringar for kva lokale smittevernstiltak som skal bli sett i verk, ut i frå dei meir generelle råda som blir gitt av Folkehelseinstituttet.

Så langt er ikkje smitta påvist på Stord, men det er ingenting som tyder på at ikkje dette kjem til å skje i nær framtid.

Smitta er påvist i Kvinnherad, og no også ved Haugesund sjukehus. Drastiske tiltak vert sett i verk, og konferansar og større møte blir avlyst på løpande band. Sparebanken Vest avlyste eit seminar som skulle bli avhaldt på Stord i dag, og Stord mottak på Heiane har no avlyst den årlege Newrouz-festen.

Kommunelege Sørheim meiner derimot at det ikkje er grunn til avlyse større arrangement.

- Annonse -

Dei neste dagane går årets russerevy av stabelen. Hundrevis av menneske vil sitje tettpakka i Stord kulturhus fordelt på fire førestillingar. I tillegg vil heile russekullet på Stord ha tett kontakt i løpet av desse dagane, der alkoholen sannsynlegvis vil flyte.

Russearrangement er allereie avlyst mange stadar i landet. For ei veke sidan, då koronafrykta var mykje mindre enn i dag, blei eit russearrangement i Bergen avlyst av kommuneoverlegen. På Debatten på NRK i går gjekk kommuneoverlege i Fredrikstad, Guro Steine Letting, ut og åtvarte mot smitta ved russearrangement.

– Russefeiringa i år vil bli annleis. Det å vere mange i klynger, mykje alkohol og det å risikere å smitte kvarandre, er ikkje lurt, slo ho fast.

Sørheim har altså ei anna oppfatning, og meiner det ikkje er noko grunn til å avlyse russerevyen. Heller ikkje Handballfestivalen, Sunnhordland Maraton eller Folkehelsedagane, som kjem til å samle tusenvis av folk, er det grunn til å avlyse, i følgje kommunelegen.

Dag Jacobsen, leiar for medisinsk intensivavdeling ved Ullevål sjukehus, Dag Jakobsen, meiner tiltaka frå norske helsestyresmakter er for svake. Han trur ikkje folk flest er klar over alvoret i situasjonen og ber Norge no vakne opp. Jakobsen meiner alle arrangement med over 50 deltakarar bør bli avlyst.

Det går ikkje lang tid før ein ser ein direkte konsekvens av det å la vere å avlyse større arrangement. Arrangørane bak Haugalandskonferansen i Haugesund før helga, der også mange frå Stord deltok, valde å gjennomføre konferansen som planlagt. I dag blei det sendt ut melding om at ein av deltakarane har fått påvist koronasmitte.

Sør for Trekantsambandet er situasjonen no heilt annleis. Der har Sveio, Haugesund, Karmøy, Tysvær og Bokn kommunar saman gått ut og fråråda arrangement med fleire enn 100 deltakarar.

I Sunnhordland finst det ingen slike råd. Ein skulle tru at smitta ikkje klarte å spreie seg over Bømlafjorden.

Kva er det då som gjer at Sørheim så bastant kan hevde at det ikkje er grunn til å avlyse større arrangement på Stord? Argumentet hans er at det per no ikkje er teikn til eit smitteutbrot på Stord.

Dette er ei direkte uansvarleg vurdering. Å avlyse store arrangement handlar ikkje berre om å avgrense ei eksisterande smitte, men også å vere føre var og hindre eit større smitteutbrot.

Alvoret og dei potensielle skadeverknadane koronaviruset kan føre til er no slått fast. Når me veit at sjukehusa vil ha sterkt avgrensa kapasitet til å ta hand om eit stort tal alvorleg sjuke koronapasientar, så er det no me må gjere alt kva me kan for å avgrense smitteutbrotet.

Stord er vertskommune for eit lokalsjukehus, og har mange innbyggjarar som jobbar på sjukehuset. Då er det bekymringsfullt at Stord kommune verkar å vere blant dei kommunane som tek lettast på koronatrugselen.

For konsekvensane for vala me tek i dag kan bli dramatiske i morgon.