Geir Stuve Rommetveit er ein ivrig fiskar frå Stord. Her frå NRK-serien "Firskerne". Foto: NRK
- Annonse -

DEBATT: Stord-fiskar Geir Stuve Rommetveit reagerer på faktafeil og det han meiner er negativ omtale av fiskarar av Magne Bjelland i Stord Høgre.

Av: Geir Stuve Rommetveit,
dagleg leiar i Stord Fiskeriselskap AS

Dette er eit svar på artikkel i Stord24 frå 25. mars, der Magne Bjelland ber om eit lokalt forbod mot fiske av leppefisk på Stord.

Bjelland hevda at fiskarar «tømer» kvar bukt og ei vik for leppefisk. Dette er jo direkte falske anklagar mot fiskarane. Kan dette dokumenterast?

Han påstår også at kvar enkelt kommune står fritt til å innføra lokalt forbod. Dette er faktafeil. Fiskeridirektoratet er regulerande myndigheit for alle marint viltlevande artar i sjø. Kommunane har ingen reguleringsmyndigheit for uttak av viltlevende ressurser i sjø.

Stord kommune kan ikkje gjera noko anna enn å hendvende seg til fiskeridirektoratet eller Havforskningsinstituttet om dei er bekymra. Det vert vist til at det sannsynlegvis ikkje er ei berekraftig næring. Det er ein påstand og eit synspunkt og ikkje dokumentert sanning. Uttak av leppefisk har pågått i over 20 år no. Og i seinare år er det innført reguleringar for å verne bestanden. Bestanden er stabil i følge Havforskningsinstituttet

- Annonse -

Eg som yrkesfiskar likar også at mine barn fiskar langs kaikantane etter leppefisk. Ved mitt kaianlegg i Dåfjorden vert det årleg fiske av lokale leppefiskfiskarar (fra Bømlo og Fitjar) heilt oppunder kaien min. Me merkar ein nedgang umiddelbart etterpå, men nokre dagar deretter er borna like ivrige igjen. Og ny fisk har kome til. Leppefisken er teritoriell.

Eg vil visa til den kvardagen fiskarane opplever i utøvinga av sitt yrke. Då det er spesielt på kystnære fiskeri som foregår der folk ser. Utøvinga vår er visuell for ålmenta. Det blir ofte eit stort problem at det vert hetsa, at det er mykje skriveri på sosiale media og fysiske tilrop og utskjellingar av lokale oppsitjarar, som hevdar dei eig sjøen.Lokalt politisk engasjement for å stoppe dette.

Denne artikkelen viser også at haldninga «fiskarane tømer sjøen/fjorden for fisk» ikkje er ny for oss.

Som fiskar er ein ofte i mindre bedrifter med 1-3/4 tilsette. Og har ikkje noko nettverk å støtte seg på når ein opplever vanskelige ting eller vert utsett for hets og sjikane. Den psykososiale belastninga dette medfører for den enkelte er ikkje bra.

Me utfører vår jobb me òg. Og utfører eit lovleg yrke. Etter gjeldande regler.

Eg har ikkje lese brevet som Bjelland har skrive. Og legg meg ikkje opp i kva han meiner personlig. Men det er ikkje høgrepolitikk å fronte slike polariserande misvisande påstander.

Dei siste åra når me driv lysfiske langs kysten har me blitt utsett for hets, sabotasje, sjikane, negativ omtale på sosiale medier. Og lokalpolitikerar som skal spele politisk mynt på å hauste applaus hos «mobben». Dette har påverka meg slik at når me skal sove og har opphold i fiske, og det til dømes er dårleg vêr, så unngår me å legge til kai. Men ankrer opp. Eg orker ikkje å bli eksponert for desse feilaktige påstandene og holdningene som den vanlege person ikkje har kunnskap om.

Eg fiskar ikkje leppefisk. Men kjenner problemstillinga då han er parallell for alt fiskeri som er visuelt for ålmenta. Då spesielt fra Møre og sørover i landet

- Annonse -
Forrige artikkelUnge reiser frå heile Sunnhordland for å spela basket i Nordbygdo
Neste artikkelSette ny innandørs publikumsrekord i Fitjar