Kompetanse innnan automasjon og digitalisering vil bli stadig viktigare for bedriftene i Hordaland dei neste åra. Illustrasjonsfoto: NITO
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Behovet for både ingeniørar og yrkesfag innan tekniske fag vil vere stort i Hordaland dei neste åra. Det viser NHO sitt kompetansebarometer for 2017.

Heile 6 av 10 av NHO sine medlemsbedrifter i Hordaland har i stor eller i nokon grad eit udekka kompetansebehov. Særleg når det gjeld fagarbeidarar innanfor teknikk og industriell produksjon, bygg og anlegg og elektrofag vil behovet vere stort dei neste åra.

– Når fleire bedrifter no melder om auka behov for kompetanse kan det ha samanheng med at fleire bransjar opplever vekst og lysare utsikter etter dei første effektane av oljeprisfallet, seier regiondirektør i NHO Hordaland Tom Knudsen i ei pressemelding.

To av tre skal digitalisere

Ved gjennomføring av årets undersøking vart det også spurt om kva konsekvensar digitalisering vil ha med tanke på kompetansebehovet dei neste fem åra.

Her svarar heile to av tre bedrifter at dei har planar om å digitalisere og/eller automatisere dei neste fem åra.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

NHO skriv at dette er eit teikn på kor stort behovet vil vere for ingeniørar og folk med teknisk utdanning framover. 43 prosent av dei spurte opplyser at dei vil ha større behov for denne kompetansen som følgje av planlagt digitalisering.

Stadig viktigare med utdanning

– Arbeidslivet stiller stadig større krav til kompetanse, og jobbar som ikkje krevjar utdanning blir færre. Kompetanse og utdanning vil vere nøkkelen for å få jobb i framtida sitt arbeidsliv, seier Knudsen.

NHO-sjefen meiner behovet for kompetanse handlar om at bedriftene veit at dei nøydd til å omstille seg dei neste åra mot nye tenester og marknader, og han etterlyser eit teknologiløft i heile utdanningssystemet.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -