KOMMENTAR: Stord24 kan hamna i konflikt med vær varsam-plakaten dersom me skulle skriva om rettssaka.
Av: Jonas Sætre,
Ansvarleg redaktør i Stord24
Sunnhordland tingrett har sett av fem dagar til ei rettssak mellom ordførar Gaute Epland og sambuaren hans Kari Hilde Rommetveit på den eine sida, og utbyggjar Ingeniør Jørgensen som motpart.
Saka er relatert til huset som Epland og Rommetveit har flytta inn i, der Ing. Jørgensen har stått som utbyggjar.
Det er ikkje tvil om at saka har offentleg interesse. At ein ordførar hamnar i ein konflikt med ein større utbyggjar i kommunen han er ordførar i, er viktig å setje lys på av fleire grunnar.
Likevel kjem ikkje Stord24 til å dekkja saka. Det vil me gjera greie for her.
Det er ikkje berre ordføraren som er ein part i saka, men også sambuaren hans Kari Hilde. Dette gjer at me i Stord24 hamnar ein problematisk situasjon. Me har nemleg kontor rett over gangen for ingeniørfirmaet Gøtz, der Rommetveit er tilsett. Alle me som har arbeidsplassen vår i andre etasje i Kunnskapshuset inngår i eit sosialt fellesskap, der me til dømes et lunsj i lag og har julebord saman.
Dette gjer at me kan koma i konflikt med punkt 2.2 i Vær Varsam-plakaten dersom me skulle dekkja denne saka. Dette punktet seier at pressa skal unngå bindingar som kan skapa interessekonfliktar eller føra til spekulasjonar om inhabilitet.
Samtidig ønskjer me ikkje at dekninga av ei konfliktfull sak skal påverka det sosiale miljøet på vår felles arbeidsplass.
For journalistar er det ikkje ein ønskjeleg situasjon når folk vegrar seg for å snakka fritt i sosiale settingar der me er til stades. Kari Hilde Rommetveit må fritt kunna snakka om rettssaka rundt lunsjbordet, dersom ho ønskjer det, utan å måtta vera redd for å vidarebringe opplysningar til pressa.