John F. Tonnessen er ordførarkandidat for Miljøpartiet Dei Grøne på Stord. Foto: MDG
- Annonse -

DEBATT: For Høgre er eit born i hovudsak framtidig arbeidskraft. Ikkje ein plass nemnar partiet bornas ynskjer eller behov eller trivsel eller eigen verdi.

Av: John Tonnessen,
Ordførarkandidat, Stord MDG

Eg las Nina Østensjø sitt innlegg i Sunnhordland om kunnskap og meistring i skulen. Eg vonar alle les det innlegget, og så mi forklaring for kvifor eg som lærar aldri kunne røysta Høgre, på grunn av skulepolitikken deira. 

Fyrst slår ho fast at det er vårt ansvar at elevane skal få eit godt grunnlag, greit nok. Så snakkar ho om kva elevane skal læra seg, og at dei skal bruka det til å bidra til lokalsamfunnet, og styrka det lokale næringslivet. Vidare fortel ho korleis dei nye læreplanane bidreg til å skapa dei ferdigheitene som kan berika samfunnet; nytenking og entrepenørskap, det ho kallar nøkkelkompetanse for framtidas arbeidskraft. 

Gjennom innlegget går dette som ein raud tråd, og viser korleis Høgre tenkjer om kva eit born er. For dei er eit born i hovudsak framtidig arbeidskraft. Ikkje ein plass i innlegget nevner ho bornas ynskjer eller behov eller trivsel eller eigen verdi. Kun kunnskap, kompetanse, og nytte. Dei kreative evnene som skulen kan trene borna i, er til for entrepenørskap og arbeidsplassar. Mellom linjene les eg: Eit born er kun ein uopplærd vaksen, som må gjere seg ferdig med læringa si så ho kan byrja jobba, og læringa er først og framst til for jobbing. Det samsvarar dårleg med dei borna i skulen eg har kjent. 

Som lærar, som menneskje og som folkevald har eg eit anna syn. Eit born er fyrst og framst eit menneskje. Og eit fullverdig menneskje er meir enn berre arbeid og verdiskapning. Høgre si marknadstenking grip over meir og meir av samfunnet, skulen er ikkje unntak, og no er borna våre redusert til instrument som skal produsera kunnskap, berre så dei snart kan bli verdiprodusentar. 

- Annonse -

Men høyr, Høgre, livet er meir enn berre jobb. I skulelova står det at skulens formål er å gjere borna i stand til å takle liva sine. Skulen må ha eit breitt fokus, borna må lære å vere gode menneskje som kan leva i lag i eit samfunn som blir meir komplisert og rommar meir mangfald.

Dei må då læra nestekjærleik, toleranse, og forståing. Når arbeidslivet blir stadig meir spissa og krevjande, må me ha lært borna våre at dei har ein eigen verdi utanom den jobben dei gjer, eller den karakteren dei fekk. Dei bør læra at dei er ein del av ei større verd, og at dei må ta vare på den naturlege verda som er livsgrunnlaget vårt.

Og når prestasjonsjaget i skule og arbeid fører til aukande psykiske vanskar blant dei unge, så vonar eg me har lært dei å seie stopp og gjere opprør, og heller setja øvst venene, leiken, familien, dyr og natur, forteljingar, dans og song, å skapa med eigne hender for gledas skyld, å samtala, å leva. 

Til skuleborna, dykkar verdi er umåteleg større enn kva dykk kan produsera. Eg kunne aldri skrive om dykk uten å nevne det. 

- Annonse -