Olai Sørvik (16) i Stord SU. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Til kontrast med Unge Høgre så ynskjer me å få gjort noko her og no. Situasjonen er at me kan ikkje venta med tiltak som skal iverksettes om tjue eller tretti år

Av: Olai Sørvik,
leiar i Stord Sosialistisk Ungdom

«We have not come here to beg world leaders to care. You ignored us in the past and you will ignore us again.» sa Greta Thunberg på FN sin konferanse om klima i Katowice.

Me i Stord SU ynskjer å vise solidaritet til Greta Thunberg og ikkje minst til klimabevegelsen. Å sitte og vente vil ikkje føre til noko endring. Global oppvarming har me visst om i årevis, men likevel sit me her i 2019 med eit uløyst problem.

«Forskjellen på Unge Høgre og Sosialistisk Ungdom sin innsats i klimasaken er at Unge Høgre jobbar sakleg» skriv Stord Unge Høgre. Streik er ikkje usakleg. Streik er eit demokratisk verkemiddel som både elevar, studentar og ikkje minst arbeidarar har nytta opp gjennom historia og fått viktige politiske gjennomslag for.

Arbeidarar streikar for betre løn og betre arbeidsvilkår. Elevar har streika for lik rett på lærebøker til sitt språk og har fått gjennomslag. For ungdom utan stemmerett er streik eit sterkt verkemiddel. Me i Stord SU ynskjer å streike for ein betre klimapolitikk og vil visa kva me står for.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Til kontrast med Unge Høgre så ynskjer me å få gjort noko her og no. Situasjonen er at me kan ikkje venta med tiltak som skal iverksettes om tjue eller tretti år. Det er no me verkeleg lyt gjera noko! Ein må synleggjere problemet! Det er ein grunn til at mange tusen verda over- vel å streike for klima. Det er for å visa at dei som sit med makta ikkje gjer nok for klimapolitikken.

«Omtrent 35.000 unge marsjerte gjennom gatene i Brussel torsdag ettermiddag for å kreve en bedre klimapolitikk…» kan me lese i VG den 24. januar i år. Dette skjer i mange land i Europa, blant anna i Sverige.

Så dette er ikkje noko me finn på, men me har lyst å vera med å understreka eit internasjonalt poeng om at me som er unge i dag bryr oss om framtida vår, sjølv om det ikkje ser ut til at regjeringa gjer det same. Me vil på lik linje med ungdom internasjonalt visa at me er lei av politikarar som ikkje tek framtida vår på alvor. Difor vel Stord SU å engasjere seg på lik linje med andre elevar i Europa.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -