Linda Grundtvig i Framstegspartiet.. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Leiaren i Stord Frp, Linda Grundtvig, er svært nøgd med at det allereie no kan bli gang- og sykkelveg på deler av Litlabøvegen.

– Då eg las i Stord24 om mogleg utbetring av den farlege Litlabøvegen vart eg veldig glad. Dette er ein veg der mange har etterlyst betre trafikktryggleik for mjuke trafikantar, i form av gang- og sykkelveg, seier Grundtvig.

Gjennom heile fjoråret gjekk det ein intens debatt om bompengeringen Stordpakken skulle innførast. Her låg Litlabøvegen inne som eitt av dei høgst prioriterte prosjekta.

– Dette er vegen å gå

Framstegpartiet var i denne perioden dei ivrigste motstandarane, og har heile tida argumentert at det må vere mogleg å sikre trafikksikring av Litlabøvegen utan bompengefinansiering. Grundtvig meiner initiativet frå trafikkavdelinga i Stord kommune viser at dei har rett.

– Me har alltid meint at dette er vegen å gå, i staden for å heile tida klamre seg til Stordpakken for å realisere vegprosjekt. Mange har meint at det ikkje finst høve utanfor bompengar. No ser me at dette ikkje stemmer

– Å sjå på moglegheiter og ikkje berre hindringar er ein god ting!

- Annonse -
- Annonse -

Grundtvik rosar Harald Oddvar Sæbø i Stord kommune for initiativet til å skaffe fylkeskommunale midlar, og ho trur det også er høve til meir.

- Annonse -

– Riktignok er dette berre snakk om ein liten del av strekninga som er tiltenkt utbetra i første omgang, men det er likevel ei god byrjing. No skal me jobbe for at det blir utbetra også frå Vassenden og fram til Litlabø skule. Dette er ein uoversikteleg og farleg skuleveg for mange barn.

– Eg skal vere den første til å gratulere

Torbjørn Brosvik i Stord KrF, er blant dei som har sagt at ei utbetring av Litlabøvegen er heilt urealistisk å få til utan bompengemidlar.

– Eg skal vere den første til å gratulere at ein får til noko. No er jo realiteten at kommunen berre har søkt om midlar, og ikkje fått dei enno. Så er jo dette ein relativt avgrensa distanse.

Brosvik har likevel ikkje tru på at gang- og sykkelveg langs heile Litlabøvegen kan bli finansiert utan bompengemidlar.

– Ein vil ikkje trafikksikre heile Litlabøvegen med slike tiltak. Grunnen til at me får til dette er jo fordi me får til eit spleiselag mellom kommunen og fylket. Så dette er ein avgrensa siger for oss som ønskjer å få fram gang- og sykkelvegar.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -