Byutviklinga i Leirvik sentrum, arrangementet "Storapride", den nye plata til Endre Olsen, fastlandssambandet "Sunnfast" og storutvidinga av Kværner Stord er trekt fram blant dei ti mest positive nyhendene på Stord i 2018. Foto/skisser: MAD Arkitekter/Kari Mendelev von Svanberg/Sunnfast/Kværner
- Annonse -

Me har samla dei ti mest positive sakene som har skjedd i Stord-samfunnet i året som har gått.

Året då utviklinga i Leirvik sentrum verkeleg skaut fart

Etter mange år med klaging over folketomme gater og sentrumsdød, var 2018 verkeleg året då Leirvik sentrum fekk ny giv. I løpet av året har mange nye sentrumsbebuarar flytta inn i dei to store nye bustadsprosjekta Meierikvarteret og Hamnetind, og snart står Teinevikjo-prosjektet klart. Fleire nye store planar har også blitt lansert i 2018, som helseparken i Borggata, hotell på Nattrutekaien, og Holmedal og Husum sine planar om utviding av Bytunet og Osen-kvartalet. Restaurant- og kafé-tilbodet på Leirvik har aldri vore så bra som det er no, og vil bli endå betre til våren då Peppes Pizza skal opne dørene.

Lokale verksemder med gjeve internasjonale prisar

At kompetansen blant verksemdene på Stord er i verdsklasse fekk ein i år fleire stadfestingar på. Salt Ship Design og Wärtsilä-miljøet på Stord har begge motteke gjeve bransjeprisar i 2018. Wärtsilä vann miljøprisen til den internasjonale Tanker Shipping & Trade-konferansen i London, for deira satsing på miljøvenleg skipsteknologi. Salt Ship Design vann Nor-Fishing sin innovasjonspris for 2018 for å ha designa verdas første fiskebåt med gass- og batteridrift. Ikkje minst vann Salt Ship Design årets næringspris frå Stord Næringsråd.

I tillegg fekk det finske selskapet The Switch, som starta opp i Grunnavågen i Sagvåg for to år sidan, internasjonal pris for nyskapande utviklingsarbeid under den internasjonal bransjemessa Electric & Hybrid Marine World Expo i Amsterdam. «Det skjer stor verdiskaping og høgteknologisk utvikling her på Stord», oppsummerte dagleg leiar i The Switch i Sagvåg, Asbjørn Halsebakke.

Etablering av biogassanlegg på Stord

Sjølv om det har vore mykje bråk og kritiske røyster rundt biogass-saka, og at mykje tyda på at Stord skulle miste arbeidsplassane, enda visa likevel godt. Biogassanlegget blir etablert på Eldøyane, noko som viser seg å vere den beste løysinga. Sjølv om det også her er motstand hos naboane, trur me på Sunnhordland Naturgass når dei seier at eit biogassanlegg ikkje vil leggje stein til byrda for naboane. Biogassanlegget vil vere den viktigaste nyetableringa på Stord på fleire år, vil ha mange positive ringverknader i lokalsamfunnet. Både når det gjeld arbeidsplassar og når det gjeld miljøet.

Kjempestort oppmøte for «Storapride»

Ein liten gjeng i Stord Sosialistisk Ungdom bestemte seg for å arrangere historiens første pride-arrangement på Stord, «Storapride». Arrangementet blei ein stor suksess, med fleire tusen frammøtte. Det store oppmøtet kan arrangørane delvis takke den store pressedekninga som vart gitt i samband med motstanden frå dei kristne miljøa. Uansett er det ein svært imponerande prestasjon for eit lite ungdomsparti å klare å arrangere eit arrangement som vart ein så stor suksess.

- Annonse -
- Annonse -

Endre Olsen sitt album «Bøttevis med Blått»

Den kjende Stord-musikaren Endre Olsen gav i mai ut soloplata «Bøttevis med Blått». Dei som enno ikkje har høyrt denne plata bør gjere det snarast. Plata fekk terningkast 6 i Bergens Tidende, og blei skildra som ein komande klassikar. Sjeldan, kanskje aldri før, har ein artist frå Stord gitt ut ei så sterk plate.

Alle piler peiker oppover for Kværner Stord

I 2019 feirar Kværner 100-årsjubileum. Det kunne knapt skjedd på eit betre tidspunkt for verksemda. Verftet kan sjå tilbake på eit 2018 med stor aktivitet. Aasta Hansteen vart ferdigstilt i Digernessundet og Johan Sverdrup-plattforma levert innan fristen. I haust starta også jobben med Johan Sverdrup fase 2, og Johan Castberg. Samtidig var 2018 året då Kværner starta gigantutvidinga av kaien, samt forlenginga av kransporet for «Storen», for å rigge seg for store kontraktar i framtida. Sjølv om det no ikkje blir så mange store utbyggingskontraktar å hente på norsk sokkel dei neste åra, kan Kværner sikre seg store demoleringsjobbar på utrangerte offshore-installasjonar, som på Statfjord A. I tillegg går det rykte om at Kværner Stord kan få sikra seg kontrakt på bygging av eit flytande produksjonsskip for Aker Energy, som skal setjast i drift i Ghana.

- Annonse -

Stord-skodespelarar sette preg på filmlerretet i inn- og utland

Solveig Koløen Birkeland (17) frå Stord hadde i år rolla som eit av ofra i Utøya-massakren i Erik Poppe sin film «Utøya 22. juli» som hadde premiere i vinter. For dette vann ho Amanda-prisen for beste kvinnelge birolle under Den norske filmfestival i Haugesund. Stord-jenta fekk rolla då ho var i Oslo saman med Spinae Company i fjor, då eit castingcrew sat i salen som leita etter unge talent som kunne spele i Utøya-filmen.

2018 var også året då karriera til Stord-skodespelar Synnøve Macody Lund nådde nye høgder. Ho hadde ein av dei sentrale rollene i Hollywood-filmen om Lisbeth Salander, The Girl in the Spider’s Web. Til Stord24 sa Macody Lund at ho no vurderer å få seg ein agent i Los Angeles som kan skaffe ho nye roller.

Stord kommune best i landet på å gi bustadar til vanskelegstilte

I 2008 var det 23 innbyggjarar på Stord som ikkje hadde fast bustad. I 2016 var talet 0. Det er resultatet av eit målretta arbeid som Stord kommune har lagt ned for å skaffe vanskelegstilte i samfunnet bustadar. På bakgrunn av dette vann Stord kommune statens bustadsosiale pris for dette arbeidet. «Stord har gjort alt rett», var konklusjonen til direktøren i Husbanken, Osmund Kaldheim, då han vitja Stord i november.

Næringslivet og politikarar samla seg om «Sunnfast»

Etter årevis med fastlåst debatt om ferjesambandet mellom Stord og Kvinnherad, kunne politikarane på begge sider av fjorden endeleg samle seg om ein felles plan. Dei lause planane om om fastlandssamband mellom Stord, Tysnes, Huglo og Kvinnherad vart i 2018 teke eit langt steg vidare. Initiativtakarane bak «Sunnfast», med næringslivsmann Kjell Fylkesnes i spissen, har laga konkrete planar om trasé og brukryssing. I følgje planane vil det kunne ta berre 22 minuttar å køyre mellom Husnes og Leirvik. Kommunestyra i dei tre kommunane har no løyva pengar til planarbeid som skal ta prosjektet vidare politisk.

Suksess for alle dei tre store kulturfestivalane i byen

Musikkfestivalen 100 Dagar i januar, Fest i Vest i juni, og barnelitteraturfestivalen Falturiltu har alle sett sitt preg på Stord i kvar sin årstid, og alle dei tre festivalane kan sjå tilbake på eit år med publikumsrekordar og overskot. Det viser at alle dei tre festivalane er leia av kompetente folk som brenn for det dei driv med. Me ser fram til nye spennande utgåver av festivalane i 2019!