Fire av dei mest leste sakene på Stord24 i 2020. Foto: Cassandra G. Jespersen/privat
- Annonse -

Sjå kva som engasjerte lesarane våre mest i året som har gått.

2020 har vore året der interessa for lokale nyhende har verkeleg har tatt av. Koronaskrisa førte til ein sterk vekst i lesartala. 2020 blei soleis eit rekordår for Stord24 målt i talet på lesarar.

Me har samla dei 15 mest leste sakene i året som har gått.

15. Ståle (38) og Helge (37) har starta gravferdsbyrå: – Naturleg at det kjem eit byrå med yngre krefter i

Mange var interessert i å lesa om to gründarar på Bømlo som startar heilt nytt gravferdsbyrå i Sunnhordland.

Les saka her.

- Annonse -

14. Kven skal stå i fronten å kjempa mot sjukdom dersom me som har kompetanse til det ikkje held ut?

Sjukjepleiar Sunniva Hovland Sande frå Stord skreiv eit lesarbrev nokre veker etter koronautbrotet som engasjerte svært mange.

Les saka her.

13. Stord-familie vart sjuke etter cruiseferie – blei nekta koronatest: – Fekk beskjed om å leve som normalt

Ein god del av dei mest leste sakene i 2020 omhandlar naturlegvis om korona. Intervjuet vårt med ein Stord-familie som hadde vore på cruiseferie, men blei nekta koronatest sjølv om dei hadde symptom, var blant dei som engasjerte.

Les saka her.

12. Ny person smitta av koronavirus på Stord

Ikkje noko spesielt med denne saka, anna enn ein registrering av det andre smittetilfellet.

Les saka her.

11. Sambuarpar frå Stord blei skremt av politiet då dei lét 8-åringen venta i bilen

Er det greitt å la barnet venta i bilen når du skal inn eit kort ærend på butikken? Det er det mange foreldre som har sterke meiningar om, noko interessa for intervjuet vårt med dette sambuarparet frå Stord illustrerer.

Les saka her.

10. Kvinne frå Stord omkom i tragisk ulukke i Sandnes

Den tragiske ulukka rett før jul, der ei 52 år gammal kvinne frå Stord omkom då ho skulle kjøpa valp.

Les saka her.

9. Deedar (19), Amjad (20) og Yaserullah (17) har ikkje fått lønn på to månadar. No åtvarar dei mot sjefen.

Intervjuet med dei tre ungdommane som arbeidde på Jafs i Sagvåg utan å få betalt blei svært godt lesen.

Les saka her.

8. – Vi er blitt ført bak lyset

Eit flammande lesarinnlegg frå dei tilsette på Grand Hotell hamnar høgt oppe på lista over dei mest leste sakene i 2020. Dei tillsette reagerte kraftig på beskjeden om at hotellet skulle leggast ned og gjerast om til folkehøgskule, og meinte dei ikkje hadde fått beskjed om dette før saka vart omtalt i lokalmedia.

Les saka her.

7. Stordabu blei testa for korona utan at kommunelegen brukte hanskar eller frakk: – Eg blei heilt satt ut

Ein av dei første koronatestane på Stord blei utført utan nødvendig smittevernutstyr. Det var det svært mange som reagerte på. Saka blei den sjuande mest leste i år.

Les saka her.

6. Du klarar neppe å gjette kven som vurderer å flytte inn i dette bygget

Ok, me har ikkje som vane å diva med lokketitlar i Stord24, men av og til må ein prøva seg litt fram. Her klarte me iallfall å pirra nysgjerrigheita til lesaren. Svært mange ville vita kven som vurderte å flytta inn i eit næringsbygg på Heiane.

Les saka her.

5. Lars Petter blei slått ned på toalettet på Frugård: No ber han om hjelp til å finne gjerningsmannen

Lars Petter Vatna fekk nasa si knekt etter at ein heilt ukjent mann slo til han inne på herretoalettet på Bakeriet Frugård i februar. Saka skapte eit stort engasjement, og blei den 5. mest leste saka.

Les saka her.

4. Dei mista jobben og fekk 20.000 i bot: – Me er ekstremt flaue

Det har vore eit svært stort engasjement for saker knytt til utanlandske arbeidarar og koronasmitte gjennom året. Stord24 intervjua to av arbeidarane som blei bøtelagt og utvist frå Norge etter å ha brote karantenereglane.

Les saka her.

3. Skal ha forsøkt å kollidera med snøggbåt utanfor Leirvik: – Svært alvorleg

Ein spesiell sak frå hamnebassenget i Leirvik nokre veker før jul hamna på tredjeplass over dei mest leste sakene.

Les saka her.

2. Første koronasmitta påvist på Stord: – Veldig tøft å ringe til dei eg har vore i kontakt med

Den mest leste redaksjonelle saka vår i 2020 var nyheita om det aller første koronatilfellet på Stord, der me intervjua kvinna som blei smitta.

Les saka her.

1. 19-åring kjenner seg førehandsdømt av politiet: – Provoserande og trist

Den aller mest leste saka i år var faktisk ikkje skrive av ein journalist, det var eit meiningsinnlegg frå 19-åringen Jonas Langeland Tysse. Han retta skarp kritikk mot politiet på Stord etter eit ubehageleg møte med ordensmakta. Innlegget gjekk viralt, og blei lest meir enn 14.500 gonger.

Les saka her.

- Annonse -
Forrige artikkelBlei kasta inn i ein digital kvardag
Neste artikkelMassiv kritikk mot Stord-politiet etter at dei sendte hund mot ungdommar
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no