Foto: Jonas Sætre/Stord24/privat/Hege Ripegutu/Benjamin A. Ward
- Annonse -

Frå oppheta skuledebatt, oversettingsflause og eit spektakulært lynnedslag til sterke historier om ulukker, barndomstraumer og ei tragisk asylforteljing. Dette engasjerte lesarane våre mest i løpet av året som har gått.

10. Stord-lærar skjelte ut ungdomspolitikar: – Såg ut som om han skulle slå meg ned

Det gjekk hett for seg i slutten av skuledebatten til Stord vidaregåande skule i årets valkamp. Ein sleivete uttale frå ein Fpu-politikar skapte sinne hos mange av tilhøyrarane. Det førte til at ein av lærarane ikkje klarte å beherske seg, og skjelte ut ungdomspolitikaren. Saka vart den 10. mest lesne i år.

9. – Folk forstår ikkje kor tung og dyster kvardagen som kronisk sjuk kan vere

25 år gamle Arne Nordhaug frå Stord sto i februar fram med si personlege historie i Stord24, om korleis han har slitt med svært plagsam eksem og allergiar heile livet. – Eg ønskjer berre å bli forstått, fortalte han. Saka hamna på 9. plass over våre mest leste saker.

8. Oversettingsflause hos Burger King Stord går viralt på nettet

- Annonse -

Hurtigmat-restauranten på Amfi Stord fekk i sommar svært mang reaksjonar etter ei heller mislukka engelskoversetjing av ein lapp dei hang opp under brusdispenserane. På lappen var kassaapparatet oversett til «the box». Saka vår gjekk også viralt, og vart vår 8. mest leste.

7. – Eg har aldri opplevd noko liknande frå ein bussjåfør

Ein heftig maktkamp mellom ein trailersjåfør og ein bussjåfør frå Stord i utløpet av Bømlafjordtunnelen blei ein av våre mest leste saker i 2019. Trailersjåføren fanga episoden på film, då han blei nesten pressa ut av vegen. Saka hamnar på 7. plass over dei mest leste.

6. Til minne om Aman Ullah Khan

Gro Dregelid frå Stord skreiv eit sterkt minneord om 18 år gamle Aman Ullah Khan, som omkom i Paris for snart eit år sidan. Minneordet vart den 6. mest leste saka i Stord24 i 2019. Sjå også førsteplassen.

5. Litausk statsborgar omkom i ulukka

Den første dødsulukka i Stordabrua si historie skjedde i starten av desember. Ein litausk statsborgar som jobba på Stord omkom i den tragiske hendinga, som skjedde då ein svær del av ein trailer bles vekk og trefte bilen mannen satt i. Saka blei den femte mest leste.

4. Oppgjeret med ein øydelagt barndom

I løpet av 2019 har me skrive mykje om brørne Lars-Erik og Martin-Alexander Husom sitt oppgjer med ein øydelagt barndom prega av rus og omsorgsvikt. Det første intervjuet dei gjorde med Stord24 blei den fjerde mest leste saka i år.

3. Person fekk ein bil over seg – henta av luftambulanse

I sommar vart ein ung mann utsett for ei tragisk ulukke i Leirvik, som endte med at han mista livet. Den vart ein av dei aller mest leste sakene.

2. Fanga spektakulært lynnedslag i nabohuset på film: – Eg blei heilt satt ut

Under eit valdsamt torevêr i sommar slo lynet ned i huset til Gunnhild Høgås i Dalen på Stord. Det heile vart fanga på tape av ein nabo i ein spektakulær video som ho delte med Stord24. Saka blei omtalt i alle dei nasjonale nettavisene, og blei vår nest mest leste sak i 2019.

1. Aman Ulla kom til Litlabø mottak som 15-åring i 2015. Tysdag vart han funnen død i Paris.

Den afghanske guten Aman Ulla blei busett på Litlabø mottak som 15-åring. Han budde på Litlabø fram til han, som så mange andre frå Afghanistan, fekk avslag på asylsøknaden sin. Det enda med ein tragedie. Han levde eit hardt liv som flyktning i Paris med ein tung bagasje å bere på, og i januar i år klarte ikkje kroppen hans meir.

Det er tydeleg at historia om guten rørte mange, for dette blei vår klart mest leste sak i 2019. Over 23.000 personar las denne saka.

- Annonse -
Forrige artikkelTok EM-sølv i snørugby: – Ekstra kjekt sidan det ikkje var forventa
Neste artikkelKombinerer thaimat med koldtbord i Sagvåg
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no