- Annonse -

Skal levere hybrid framdriftssystem for på støttefartøy for havvind. 

Wärtsilä på Stord har sikra seg nok ein kontrakt innan grøn skipsteknologi.

Selskapet har teikna kontrakt med det nederlandske reiarlaget Acta Marine for å utruste fartøyet «Acta Centaurus» med det siste innan hybridløysingar.

Det nye støttefartøyet for havvind vil få miljøfordeler som redusert forbruk av drivstoff og ei meir optimal drift av eksisterande motorar som følgje av jobben som skal gjerast på Stord.

Løysinga som Wärtsilä tilbyr omfattar hybrid, batteri og energisystem. Wärtsilä står for installasjon, testing og igangkøyring av hybridsystemet, samt oppgradering av øvrige system om bord på Acta Centaurus slik at dei blir gjort klare til hybrid-drift, opplyser Wärtsilä i ei melding.

– Det er ein aukande trend at hybrid framdrift er løysinga når den maritime næringa skal møta morgondagen sine utfordringar. Me har vore tidleg ute med i å utvikla teknologi som gjer dette mogleg og gjennomførbart, og har allereie fått monaleg erfaring i feltet, seier Joel Knif, dagleg leiar for Marine Project Sales i Wärtsilä Marine.

- Annonse -

Monteringa av utstyret som skal nyttas for å kunne nytta hybrid drift, blir installert i løpet av fjerde kvartal i år.

Reiarlaget Acta Marine bistår kunder over heile verda med tenester innan mudring, bygging av konstruksjonar, offshore olje- og gass samt offshore fornybar energi. Selskapet er familieeigd, og eig og driv ein flåte på kring 450 støttefartøy.

- Annonse -