Bålet i skogen blei sløkt av tilfeldige forbipasserande.
- Annonse -

Trass i brannforbod er det nokon som har sett fyr på eit bål ved Skjepahaugsvatnet i Landåsen.

Brannvesenet melder onsdag ettermiddag at det har vore tillaup til brann i samband med at nokon har tent på eit bål på bnakken i skogen ved Skjepahaugsvatnet i Landåsen.

Bålet vart oppdaga heilt tilfeldig av nokre turgåarar, som fekk delvis sløkt flammane. Etter kvart kom brannvesenet til og fekk sørgja for at bålet tok heilt slutt.

– Her kunne det gått skikkeleg gale. Takk til observante turgåarar som melde i frå. Me ber om at alle respekterer bålforbodet som gjeld!

Det skriv Stord brann og redning på Facebook.

- Annonse -

For nokre dagar sidan gjeninnførte Stord kommune totalforbod mot open eld i naturen.

- Annonse -
- Annonse -

Det er lov å grilla på eigen eigedom, men vanlege akstemdsreglar gjeld, seier brannsjef Jan Ove Anthun i Stord brann og redning.

Langvarig tørt vêr og vind har auka skogbrannfaren monaleg og er årsaka til innføringa av totalforbodet.