Sigurd Sele presenterer sine favorittar innan musikalsjangeren på Arena skjærtorsdag.
- Annonse -

Er du blant dei om har prioritert bypåske i staden for påskefjellet så er det nok å finne på.

Onsdag:

Påskeunderhaldninga startar onsdag med påskejam på Fitjar fjordhotell, med Ole André Westerheim. Denne gongen tek han pianoet fatt, og vil sørgje for god påskestemning på hotellet. Det heile startar kl. 22.

Torsdag:

Skjærtorsdag kan du få med deg musikalkonsert med Sigurd Sele på Arena, som vil presentere melodiar frå nokre av dei mest kjende musikalane, som Les Miserables og Jesus Christ Superstar. Det vert ei reise gjennom Sigurds karriere, med både ukjende og kjende perler frå musikalverda, og med seg har han pianisten Harald Dahlstrøm. Konserten startar kl. 20.

For dei som ønskjer å utfordra dei små grå, så tek ikkje torsdagsquizen i Sagvåg påskeferie. Det heile skjer som vanleg i Sagvågståvo kl. 20.

For dei som ønskjer ein uteaktivitet så arrangerer Stord Petanqueklubb klubbmeisterskap skjærtorsdag. «Påskefjell er oppskrytt – påskepetanque er gøy.» skriv arrangørane på Facebook. Turneringa startar kl. 9.30, og vil vare heile dagen.

Fredag:

På langfredag spelar kvartetten Trio Hest opp til påske-køntrifest på Den bla time. Bandet, som består av Endre Olsen, Vidar Hope, Erlend Thoresen og Rolf Martin Haldorsen, vil spele cover-låter mange av dei største amerikanske artistane, som Johnny Cash, Bob Dylan, Neil Young og Bruce Springsteen. Spelestart kl. 21.

- Annonse -

Laurdag:

- Annonse -
- Annonse -

Påskeaften arrangerer Sagvåg kafé bilrebusløp for heile familien. Det startar med utdeling av oppgåver på kafeen, så vil det bli rundt 10 postar å køyre til. Det beste laget vinn ein tur for fire personar på danskebåten. Det kostar 150 kroner for laget å vere med, og oppmøte er kl. 15.

Er du i feststemning er det fleire høve for å få svingt seg på påskeaftan. Arena inviterar til påskefest med DJ Sverre Røgenes, med full trøkk og party heile kvelden. Dørene opnar kl. 23. Også på Sjøhuset så er det feststemning, med DJ Helge bak rattet. Her opnar dørene kl. 22.

Det er fullt program med kinoframsyningar på Stord kino gjennom heile påsken. Spesielt for barn er tilbodet stort, med mange framsyningar på dagtid. Smurfene, Gråtass redder dagen, The Boss Baby og Skjønnheten og Udyret er blant filmane som går på kino i påsken. For komplett program sjå kulturhuset sine heimesider.

- Annonse -