- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Konsertar av ulike slag og søndagstur i vårsola er noko av det du kan ta deg til med denne helga.

Stemninga kjem garantert til å vere på topp i kveld når det lokale, energiske coverbandet Popkompaniet skal gå på scenen på Arena. Ifølgje arrangørane vil danseperler bli servert på løypande band frå artistar som Justin Timberlake, Stevie Wonder, Rihanna, Jamiroquai, Prince, Beyoncé, Bruno Mars, Michael Jackson og Gabrielle. Spelestart er kl. 22.

Premieren var i går, men musikklina ved Stord vidaregåande syner fram musikalen «Cabaret» tre dagar til: fredag, laurdag og søndag, kl. 17 alle dagane. Dette står det om framsyninga på kulturhuset si heimeside: Musikalen Cabaret hyllar med sin sensualitet og begjær mangfaldet og livsgleda i samfunnet. Med eit dystert bakteppe frå 1930-talet i Berlin, får me oppleva starten på nazismen i miljøet rundt cabaretscenen Kit Kat Club.

For dei som vil nyte til god pubstemning så speler pianisten Erlend Christensen på Osvald både fredag og laurdag kveld, kl. 22.00 begge dagane. Dette skriv puben om pianisten: «Den dyktige pianisten Erlend Christensen er helgas underhaldning. Erlend er rå på norske slagere og internasjonale hits, så detta kjem til å verta ei helg med mykje allsong og god stemning.»

Det er også høve til å bli med CISV på søndagsmoro i Hystadmarkjo. Oppmøte er i båthamna i Sævarhagen kl. 12, der ein går i samla flokk til Apalvikjo for aktiviteter og moro. Fin tur for både store og små, står det på Facebook-hendinga.

- Annonse -

For dei kinohungrige er det alltid noko på menyen. I helga er det ein verdspremiere på Stord kino, barnefilmen Skjønnheten og Udyret. Premieren er allereie fredag kveld, men den går fem gongar til i løpet av helga. For heile kinoprogrammet, sjå kulturhuset sine heimesider.

- Annonse -
- Annonse -

Noko me har gløymt? Send oss ein mail på tips@stord24.no, eller send ein melding på Facebook 🙂

God helg, då!

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -