Storm Weath Shanty Choir kjem på årets Fest i Vest. Pressefoto.
- Annonse -

Vamp på Arena

Fredag kveld går storbandet Vamp på scena på Arena. Gjennom 26 år har bandet frå Haugesund gitt ut 10 plater, og kan seiast å tilhøyre eliten av norsk musikkliv. Denne konserten er diverre utselt, så har du ikkje allereie skaffa deg billett er det nok for seint. Men du har også høve til å få med deg tidlegare Vamp-vokalist Vidar Johnsen på Stord i helga (sjå under).

Julekonsert på Moster Amfi

Det blir sjangeroverskridande julekonsert på Moster Amfi laurdag ettermiddag med dei dyktige musikarane Arne Kvarven, Håkon Tolås og Ole Jacob Hystad. Dei spelar musikk frå den klassiske sjangeren, via opera, jazz og Kenneth Sivertsen, til dei finaste juleperler.

Trioen starta samarbeidet i 2014 som eit spontant prosjekt. Resultatet blei ikkje berre ein vakker intimkonsert i Moster Amfi, men og eit varig samarbeid mellom dei tre musikarane. Trioen ynskjer derfor å skape den same gode julestemninga og inviterer igjen til julekonsert i Amfisalen.

- Annonse -

Storm Weather Shanty Choir

Tradisjonen tru blir det også førjulskonsert med Storm Weather Shanty Choir på Stord i år. Det vil skje laurdag kveld på Arena. Konserten i år vil bli den 17. i sitt slag. «Gled deg til å sette sjøbein og bli med som mannskap på ein kuling av ein konsert!» skriv arrangøren. OBS: I følgje bandmedlem Roald Kaldestad var det i går berre rundt 20 billettar att til konserten. Så her gjeld det å sikra seg billettar kjapt. Konsertstart er klokka 21.

Juleshow med D’AccorD

Det Stord-baserte progrock-bandet D’AccorD skal progge jula inn på Osvald laurdag kveld. Det vil bli eit tydeleg 70-talls-preg på denne julekonserten. Bandet skriv elles på sin eigen Facebok-side at dei er i ferd med å gi ut sitt tredje album. D’AccorD har tidlegare spelt på Hovefestivalen og varma opp for band som Enslaved og Wishbone Ash. Konsertstart laurdag er klokka 21.

Julekonsert med Vidar Johnsen

Ein varm og lun julekonsert litt utanom det vanlege, lovar tidlegare Vamp-vokalist Vidar Johnsen når han legg ut på juleturnéen «Him te jul». Turnéen kjem til Stord søndag kveld klokka 19 i Stord kulturhus.
I fjor gjorde Vidar Johnsen sin første juleturné nokonsinne og konserten «Him te jul» blei varmt mottatt av det norske folk. No er den tidlegare Vamp-vokalisten tilbake med sine varme og inderlege tolkingar av julefavorittane sine. Vidar Johnsen er kjent både som soloartist og som vokalist i Haugesunds-gruppa Vamp i perioden 1999 til 2007.

Julekonsert i Nysæter kyrkje

Me tek også med oss at det måndag kveld vert invitert til julekonsert i kormusikkens teikn i Nysæter kyrkje. Ungdomskoret Aspane vil saman med songelevar frå Kulturskulen og koret Corona framføre julesongar. Konsertstart er klokka 19.30.

- Annonse -
- Annonse -