Den kjende kunstnaren Galleri Stolz opnar utstilling på Galleri Giga.
- Annonse -

Jazzkonsert, bruktmarknad, kunstutstilling, dance-party og gratis juridisk hjelp er noko av den varierte helgemenyen du kan forsyne deg av på Stord.

Bruktmarknad

Er du småbarnsforelder og har klede du ønskjer å selje, eller treng poden klede til vinteren? Då kan det vere verdt å ta turen til bruktmarknad for barneklede, som vil bli arrangert i Sæ barnehage, laurdag frå kl. 12 til 15. For dei som ønskjer å selje klede må møte opp mellom kl. 10 og 11 for registrering. For meir informasjon, sjå Facebook-eventen.

Jazzklubb

Stord Jazzklubb presenterer det svenske bandet Violet Green på Grand Hotel, laurdag kl. 15. Det svenske bandet Violet Green består av seks rutinerte kvinnelege musikarar som har samarbeida i ulike samanhengar gjennom 25 år. Dei har sine musikalske røter i punk, rock, blues og jazz.

Kunstopning

- Annonse -
- Annonse -

Også denne laurdagen vert det opning av ei ny kunstutstilling på Stord. Denne gongen er det kunstnaren Gerhard Stoltz som stiller ut maleria sine på Galleri Giga. Utstillinga opnar laurdag klokka 13. Gerhard Stoltz er ein av Noreg sine fremste kunstnarar. Født i Bergen i 1948. Han har bak seg ei mengd nasjonale utstillingar og utsmykkingsoppdrag, m.a av Haukeland Sjukehus og Realfagsbygget v/UiB, og er kjøpt inn av m.a Riksgalleriet og Museet for Samtidskunst. Han er kjend for sin leikande, stiliserte strek og sine underfundige titlar.

Dance-konsert

- Annonse -

Det blir høg partyfaktor på Sjøhuset fredag kveld, då den tyske DJ-duoen R.I.O. skal underhalda publikum. Dance-bandet har hatt stor suksess med hitane sine, med fleire millionar avspelingar på Youtube. Sjøhuset har gleda av å ønskje velkomen til arrangementet og være med på synge på sanger som «Partyshaker» «Turn This Club Arround» «Like I Love You» og «Party Animal», skriv arrangøren. For meir info, sjå Facebook-eventen.

Gratis jus-hjelp

På laurdag vert det gratis jurudisk rådgiving på laurdag på Leirvik torg, frå klokka 11 til 14. Engasjerte juristar frå offentleg og privat sektor kjem for å gi gratis jushjelp i tema som arv, skatt, ekteskap, arbeidsrett, etc.

Gudsteneste

Søndag kl. 11 vert det ei noko spesiell gudsteneste i Stord kyrkje i samarbeid med HimalPartner, ein norsk misjonsorganisasjon som arbeider med kristen yrkesmisjon i Tibet og Nepal. HimalPartner har gjort ein betydeleg innsats innan helse, undervisning, vannkraft og etablering av industri, og kyrkjelyden vil bli meir kjent med HimalPartner og arbeidet deira gjennom gudstenesta.

- Annonse -