Good Time Charlie speler dobbel konsert på laurdag i regi av Viseklubben.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stordabuen har ein særs rik kulturhelg framføre seg. 

Viseklubb

Olsen & Jensens viseklubb sparkar i gong haustsesongen med to konsertar med landets lengslevande bluesband, Good Time Charlie. Først vert det familiekonsert på Arena laurdag kl. 15. Når kvelden kjem er bandet på nytt klar for eit meir vaksent publikum i ein konsert på Osvald Pub kl. 22, der dei vil presentere låtar frå den nye, kritikarroste plata Ready to Rumble.

– Gjer deg klar for ein sveitt seanse på Osvald Pub når gudfedrene av norsk rythm and blues byr på sin heilt særeigne tolking av den amerikanske musikkarven», skriv viseklubben i Facebook-hendinga.

Jazzklubb

Stord Jazzklubb er også klar for sin første haustkonsert laurdag, då Thomas Dahl & Court inntek scenen på Grand Hotell klokka 19.

- Annonse -

– Er du oppteken av solid gitarspel er Thomas Dahl blant landets sikraste kort. Bandets medlemmar har alle erfaring frå eit vidt spekter av stilartar og dekkjer ein stor referanseflate reint kompositorisk. Dei er førsteklasses musikarar og virtuose solistar, skriv jazzklubben i Facebook-hendinga.

Høgtlesing

For dei minste kan det vere verdt å ta turen til Stord folkebibliotek i helga. Fredag kveld klokka vert det lesefest med klovnen Knut. Førestillinga handlar om Klovnen Knut og den nesten levande sjimpansen Tom Tuba som skal lesa frå den største dyreboka i Noreg. Den første leseøkta startar kl. 19, og vil vere retta mot 1. til 3. skuletrinn, og klokka 20 er det born i 4. til 7. trinn som gjeld.

Allereie laurdag klokka 12 blir det ein ny runde med høgtlesing på biblioteket. Då er det duka for ein ny runde med arrangementet Bok & Bolle, der bibliotekarane Camilla Ruhs og Kristine Thorkildsen står for høgtlesing med bolle attåt.

Kunstutstilling

Dei kunstinteresserte bør kjenne si besøkelsestid når Stord Kunstlag opnar ein heilt ny utstilling i kunsthallen i Stord kulturhus laurdag.  Kunstnaren Anneli Belsvik Aras vil presentere utstillinga «Spor», med grafikk, keramikk og teikningar. Marion Belsvik vil by på musikk under opninga av utstillinga, som opnar kl. 12.

Kino

Fredagen byr på Norgespremiere av nyinnspelinga av Stephen King-klassikaren «IT». Her kan du sjå Stord24 si filmmelding av grøssaren. Stord kino byr elles på eit variert kinoprogram, sjå her for komplett oversikten.

Har me gløymt noko? Send oss ein epost til redaksjonen@stord24.no!

- Annonse -