Verftsdirektør Steinar Røgenes signerte kontrakt for bygging av kaianlegget med Dagleg leiar i Birken & Co, Per Ivar Birkeland. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I dag signerte Kværner gigantkontrakten for bygging av kaianlegget på Kjøtteinen med entrepenørselskapet Birken & Co.

– Dette er ein stor dag for Kværner. Og ein stor dag for Stord-samfunnet, og ikkje minst ein stor dag for norsk leverandørindustri. Å investere i eit kaianlegg til 370 millionar etter å ha investert 350 millionar i ein kran er eit ganske kraftig signal på at me har tenkt å bli varande i mange, mange år, sa Steinar Røgenes.

Like etter signerte verftsdirektøren kontrakten for hovuddelen av kontrakten med det Sandnes-baserte entrepenørselskapet Birken & Co. Denne kontrakten går på utdjuping av hamnebassenget og bygging av det nye kaianlegget på verftet. Partane ønskjer ikkje å opplyse om verdien av kontrakten.

Kaien på vestsida av verftet blir forlenga med 266 meter. Det vil føre til 17.000 kvadratmeter nytt produksjonsområde på vestsida. Heile hamnebassenget skal bli 16 meter djupare.

Castberg var triggeren

Signeringa kjem berre nokre veker etter at Kværner blei tildelt kontrakt for bygging av Johan Castberg-plattforma. Nokon som kjend var ei føresetnad for heile prosjektet.

– Castberg var triggerpunktet som gjorde at me fekk gå i gong med utbygginga, seier Røgenes.

- Annonse -
- Annonse -

– Var utvidinga ein føresetnad frå Statoil for at de kunne få kontrakten?

– Det var me som kom på ideen om å gjere dette. Me la det inn som ein føresetnad då me prisa jobben med Statoil, men det er ikkje Statoil som har pålagt oss å gjere dette. Då me ga tilbodet sa me at me vil bygge kaien dersom me vinn kontrakten.

Trass i at Kværner investerer fleire hundre millionar kroner i utvidinga, seier Røgenes at det på lang sikt vil spare verftet for mykje pengar.

– Alternativet hadde vore å leige inn tre store lekterar for å få avstand ut frå kaiane, og me måtte ha leigd inn masse kranar og tungløftefartøy for å løfte tunge modular. Det slepp me no, og vil sleppe på framtidige prosjekt.

Dagleg leiar i Birken & Co viser korleis arbeidet med kaiutviding skal skje. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Største kaiprosjektet nokon gong

Dagleg leiar i Birken & Co, Per Ivar Birkeland, seier dette er det største kaiprosjektet dei nokon gong har gjort.

- Annonse -

– Dette er vårt største prosjekt. Det er veldig sjeldan at det er så store kaiprosjekt i Norge. Me har veldig lang erfaring med kaibygging, og eg har sjølv rundt 150 kaiar på CV’en. Eg er ganske sikker at dette blir Norges største hamnprosjekt dei neste åra.

Røgenes meiner lokale entreprenørar ikkje bør vere skuffa over at det ikkje er eit lokalt selskap som har fått jobben, og viser til at det vil bli stort behov for underleverandørar.

– Det er ingen grunn til å vere skuffa no. Det er opp det dei sjølv. Med den track record‘en Birken & Co har for å bygge kaiar var dette det avgjerande. Så er det opp til dei lokale å vere konkurransedyktige på kvalitet for å bli underleverandørar.

Dette stadfestar Birkeland i Birken & Co.

– Me håpar det er konkurransedyktige lokale leverandørar som kjenner dei lokale forholda. Dette skapar moglegheiter for lokale leverandørar. Men me vil levere eit kvalitetsprodukt og har strenge krav til kompetanse og erfaring.

Slik vil kaien framstå når Johan Castberg-bygginga har starta.

Går i gang etter påsken

Kontrakten som blei signert torsdag gjeld berre for utviding av kaiområdet. Det vil seinare bli tildelt kontrakt for utviding av kranbanen og utviding av infrstrukturen til verftet.

Arbeidet med utvidinga startar umiddelbart, like etter påsken.

– Det første me vil gjere er å djupe ut djupna i bassenget. Det er ein betydeleg mudrejobb. Me skal sprenge 120.000 kubikk med fjell som skal delvis gjenbrukast, seier prosjektleiar Thomas Dahl i Kværner.

Heile prosjektet vil vere ferdig andre kvartal i 2020.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -