Her startar statsminister Erna Solberg kuttinga av den første stålplata til Hywind-prosjektet, ved bistand frå sveiselærling Arne Linga (18). Foto: Kværner
- Annonse -

Statsminister Erna Solberg startar kutteroboten som markerer byggestarten på Hywind Tampen, saman med Kværner-lærling Arne Linga.

I tillegg til statsminister Erna Solberg, var Equinor sin konsernsjef Eldar Sætre og konserndirektør Geir Tungesvik til stades under markeringa.

Det er nesten eit år sidan Kværner sikra seg kontrakten på 1,5 milliardar kroner med Equinor.

Kværner skal levere elleve flytande betongskrog for turbinar til ein verdi på rundt 1,5 milliardar kroner. Arbeidet vil starte på Kværner sitt spesialiserte anlegg på Stord før botnseksjonane og vindturbinanee vert ferdigstilt i Vindafjord og i Gulen.

Erna Solberg frå talarstolen. Foto: Kværner

Vil unngå nedtur på Stord

Statsministeren sa opninga markerte eit skilje for industrien på Stord, og understreka det sterke ønskjet om at overgangen frå oljenæringar til fornybare næringar ikkje skal skapa krisestemning på Stord.

– Det er alltid hyggjeleg å koma til Stord. Det er hyggjeleg fordi dette er ein stad som fortel om ein historie om havet som næringsveg. Det er også eit samfunn som har vore med på opp- og nedturar når endringane har kome. No skal me forsøke å ikkje få dei nedturane, men gli over i nye teknologiar utan verknadane som me har sett i tidlegare skifte, sa Erna Solberg.

- Annonse -

Byggestarten vert markert ved at Erna Solberg, under rettleiing av sveiselærling Arne Linga (18), starta det digitale systemet for automatisert kutting av den første stålplata.

Den såkalla innstøpningsplata skal vera ein del av skroget til den første av dei 11 vindturbinane til Hywind Tampen.

– Historisk dag

– Dette markerer eit stort gjennombrot for Kværner si satsing for fornybarprosjekter. Det er av stor betydning for å posisjonera norsk industri for denne veksande marknaden. Dette er difor ein historisk dag her på Stord, innleia Kværner-konsernsjef Karl Petter Løken.

Eldar Sætre sa at Hywind Tampen er eit døme på den poisitve kostnadsutviklinga ein har sett på denne teknologien lenge, og at dette er i rett retning til målet om kommersialisering av havvindmøller.

– Framleis er denne næringa avhengig av bistand frå styresmaktene. Sånn er det. Utan hjelp frå Enova hadde dette prosjektet aldri kome i stand, sa Sætre.

Stord-ordførar Gaute Epland under opninga. Foto: Kværner

Stord-ordførar Gaute Epland (Ap) sa det var ein stor dag å vera ordførar på.

– Som ordførar er eg enormt stolt over prosjektet som skal byggast her på Stord. Samtidig har eg tatt meg i å tenkja at det er ganske sjølvsagt og naturleg at me som har bygd nokre av verdas største tankskip og oljeplattformar, no også skal byggja verdas største flytande havvindpark.

– Men det er det ikkje. Dette er eit resultat av vilje, teft og kompetanse. Og modige eigarar som tør å satsa, sa Epland.

Saka vert oppdatert.

Følg direktesendinga frå Kværner her

https://www.facebook.com/kvaernerasa/videos/350101296230019