Stord Venstre testa ut den potensielle nye skulevegen

Posted by Stord24 Video on Monday, June 12, 2017
- Annonse -

Etter godt og vel ein time kom Geir Angeltveit og Knut Eide Løkhammar fram til Tjødnalio skule etter å ha gått frå Hornelandsvågen. Skulevegen kan bli ein realitet frå neste år.

I samband med debatten rundt krinsgrensane mellom Langeland skule og Tjødnalio skule bestemte Venstre-politikarane Geir Angeltveit og Knut Eide Løkhammar å teste ut det som kan bli ein svært lang skuleveg for borna som bur i Horneland-området.

Etter den lange turen på meir enn fem kilometer er dei ikkje i tvil om kva dei synest.

– For ungane som bur i Hornelandsvågen er det å ha ei nærskule på Tjødnalio ikkje ei god løysing.

Skal avgjerast etter sommaren

Sjølv om elevane som skal byrje på skulen no til hausten likevel får gå på Langeland skule, så kjem den politiske saka om endringa av krinsgrensene opp etter sommaren. Då skal politikarane bestemme om familiane i bydelen heilt sør på Stord må sende ungane sine til Tjødnalio skule.

- Annonse -

– Det finst greie kortsiktige løysingar for Langeland skule. Ein kan nytta spesialrom, sjølv om det er kjipt for skulane når ein gjer det. Ein kan også bygge brakkeklassar ved fotballbanen, for der er det allereie sanitæranlegg, seier Geir Angeltveit.

Slik lang kan skulevegen bli for ungane som bur i Hornelandsvågen. Ifølgje Google er vegen på 5,7 kilometer og tek ein time og ti minuttar å gå. Kart: Google

Men politikarane frå Stord Venstre er klare på at å bygge ut Langeland skule ikkje er ein langsiktig løysing. Dei har landa på at den einaste løysinga er å la private aktørar bygge ny skule.

– Ein kjem ikkje utanom at det å bygge skule på Hatland i privat regi og leige ut til kommunen må kome på bordeet igjen. Men den utbygginga som er planlagt no vil det bli behov for ny skule, seier Løkhamar.

– Ikkje privatisering av skulen

Han meiner ein må sjå forbi dei ideologiske motsetnadane når ein no skal diskutere langsiktige løysinger, og presiserer at det har lite å seie for skuledriften om det er private eller kommunen som står for sjølve skulebygget.

– Kommunen kan kome på banen som ein god tingar og fokusere på at det ikkje treng vere så høge krav å eiga ein skule, men heller fokuse på kva som skjer innandørs. Det er ikkje privatisering av skulen sjølv om ein privatiserer skulebygg.

– Det er merkeleg at det ikkje skulle vere eit godt alternativ med ei leigeavtale på ein skule, seier Løkhamar.

Vil lytte til Fronta

Entrepenøren Fronta har for fleire år sidan jobba for å bygge ut skule på Hatland på vegner av kommunen, men den gongen sa politikarane nei. I dagens Sunnhordland stadfestar Fronta at planane framleis er aktuelle. No meiner Angeltveit at det er på tide at politikarane tek ei ny runde.

– Dei fleste folk på Stord kjenner til at Fronta er eit seriøst selskap som har interesse av at ting blir gjort på ein ansvarleg og profesjonell måte.

– Dersom me skal ha ei god og langsiktig  løysing må me ta dette opp på bordet igjen, og sjå om det kan vere ein av måtane å løyse det på, seier Angeltveit.

- Annonse -