Den nye soknepresten i Fitjar, Roald Drønen. Foto: Kjetil Rydland
- Annonse -

Den gamle kjenningen Roald Drønen er tilsett og har teke imot stillinga som sokneprest i Fitjar.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Det er no avklart at Roald Drønen blir sokneprest i Fitjar dei komande tre åra. Han er tilsett i vikariat for Olav Johannes Oma, og Roald stadfestar sjølv at han har teke imot stillinga.

Med Roald Drønen får kyrkjelyden ein prest som dei kjenner godt frå før. Han kom til Fitjar som kyrkjelydsprest i 1995; då kom han frå stillinga som sjømannsprest i Liverpool.

Austevollingen blei snart fitjarbu god som nokon, og kjøpte seg hus rett overfor Fitjar kyrkje, der han bur framleis. Etter sju år som kyrkjelydsprest drog Roald ut att som sjømannsprest, denne gongen til Antwerpen i Belgia. Etter tre år kom han tilbake til Fitjar og vikarierte som sokneprest i rundt eitt år.

I 2006 fekk Roald tilbod om stilling i det private næringslivet, og arbeidde i fleire år i DOF i Austevoll, Vik-Sandvik og Wärtsilä på Fitjar. Men i juli 2011 var Roald Drønen tilbake i fast stilling i Den norske kyrkja, som sokneprest i Bømlo, der han er framleis.

- Annonse -

Kor tid den nye soknepresten tar til i stillinga på Fitjar, er han ikkje heilt sikker på. Me må venta til over ferien, seier han, men ein gong i september reknar han med å vera på plass i Fitjar kyrkje.

- Annonse -