Nina Meldahl Olsen frå Stord har spelt i Mostraspelet tidlegare, og vert no ny dagleg leiar i Moster Amfi. Her saman med Tiril Hoff Gilje på armen. Foto: Magne Langåker
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Nina Meldahl Olsen frå Stord blir den nye daglege leiaren i Moster Amfi.

Olsen er i dag lærar på Nordbygdo ungdomsskule og har 20 års erfaring frå skuleverket.

I tillegg har ho 30 års erfaring med kreativt arbeid innanfor kulturlivet på Stord, Bømlo og Haugesund. Ikkje minst har ho stått på scena på Mostraspelet.

– Ho har spelt i forskjellige roller i mange år, og ho har mange bein å stå på, fortel styreleiar i Moster Amfi, Svein Arne Theodorsen.

Stord-kvinna har også figurert som programleiar på TV Haugaland. Det er den allsidige bakgrunnen hennar Theodorsen trekkjer fram som utslagsgjevande for at ho fekk stillinga.

– Me trengte ein dagleg leiar som kan dette med administrasjon men som også er ein formidlar som kan fortelje dei gode historiane. Me treng også nokon som kan videreutvikle amfiet og sjå heilskapen. Dette fann me hos Nina.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Olsen vil starte i den nye stillinga i juli.

– Ho vart samrøystes vårt første val og me er alle takksame for at ho vil gå inn i stillinga, seier Theodorsen.

Moster Amfi og kyrkjehistoriske senter er eigd av Bømlo kommune og Hordaland fylkeskommune.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -