Gunnar Bjørk (t.v.) og Ole Yttredal samlast framleis kvar tysdag saman med dugnadsgjengen ved Stord Maritime Museum, trass i ei usikker framtid. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Stord Maritime Museum fryktar for framtida etter at politikane ikkje fann rom å gi dei noko i støtte i neste års budsjett. 

– Me som kjenner museet er veldig lei oss dersom samlinga må avviklast. Det er ikkje så mange andre som tek vare på den viktige kystkulturen vår. Det vil vere ein katastrofe å måtta avvikle museet, og eit stort tap for kulturhistoria, seier leiar for Venelaget for Stord Maritime Museum, Gunnar Bjørk.

Skuffelsen er stor blant dugnadsgjengen for at politikarane ikkje fann rom for noko løyvingar til Stord Maritime Museum i neste års budsjett. No er framtida uviss.

– Me er jo skuffa over kommunen. Dei er jo medeigarar. Historisk sett er det jo kommunen som skulle dekke husleiga, seier Ole Yttredal som leiar stiftinga som no har teke over ansvaret for drifta av samlinga.

– Kommunen sviktar

Trass i den usikre framtida er det business as usual for samlinga, der dugnadsgjengen samlast kvar tysdag føremiddag. Bjørk og Yttredal opplyser at dei har hatt 1100 besøkjande så langt i år, 250 av dei skuleelevar. I tillegg har dei arrangert servicekurs for elevar på Stord ungdomsskule for dei som vil ta båtførarprøven.

- Annonse -

Yttredal meiner dette viser at det er liv laga for samlinga. Han meiner kommunen ikkje held seg til forpliktingane i den opphavlege avtalen om samlinga frå 1994.

– Kommunen sviktar i høve historia og burde fortelje politikarane om kva forpliktingar kommunen har. Politikarane har jo ikkje peiling på historia her på Vikjo. Det blir heilt feil når dei sidestiller oss med andre lag og organisasjonar.

Avhengig av kommunal støtte

I oktober gjekk blei den siste husleiga betalt av kommunen, og frå første november overtok stiftinga ansvaret for drifta og husleiga ved samlinga. No lever dei på privat støtte og oppsparte midlar.

– Per i dag har me bedrifter som går gir oss betydeleg støtte. Men me treng nokre hundre tusen framover til neste år for å klare dette. Det blir knalltøft. Me kan leve på private midlar godt ut i neste år, men til etter sommaren er me nøydt å skaffe midlar frå kommunen for å sikre vidare drift, seier Bjørk.

I mellomtida har stiftinga gjort fleire grep for å få ned kostnadane. Arealet er blitt mindre, då MS Sunnhordland har teke over deler av lokalet og gjort dei om til kontor. I tillegg har dei fått redusert husleiga.

Dyrt å avvikle

I dag har samlinga 180 betalande medlemmer. Det hjelper noko på inntektene, men er ikkje nok til å sikre meir enn ein månad med husleige.

– Me har starta ein dialog med næringslivet og andre organisasjonar, og har også eit mål om at me skal ha fleire medlemmer. Me håpar næringslivet ser at dei må trø til og støtte oss.

Tidlegare har husleiga som kommunen kvart år har betalt vore på rundt ein halv million kroner. Kor mykje dei no betalar i husleige vil dei ikkje ut med.

Yttredal viser til at det vil bli dyrt for kommunen å avvikle samlinga dersom dette blir realiteten.

– Samlinga må jo flyttast og deponerast. Kommunen har jo sagt at dei vil lagre samlinga, men det vil koste masse pengar i transport og vedlikehald. Dette vil uansett koste. Dette må takast vare på heile vegen.

Varaordførar Jakob Bjelland (Sp) Foto: Stord kommune

Invitasjon til drøfting

Varaordførar Jakob Bjelland (Sp) seier at budsjettvedtaket ikkje må tolkast som eit endeleg nei når det gjeld kommunal støtte til samlinga.

– Rådmannen innstilte i budsjettforslaget å ikkje løyve noko pengar. Så seier me i vedtaket at me ber rådmannen fremje ei sak i samband om ei overgangsordning. Der signaliserer me at me er villige til å vere med på ei ordning der me er med å vidareføre drifta i ein eller annan form. Det er ein invitasjon til vidare drøfting.

Kommunestyret vedtok å setje av ein pott på to millionar kroner i ubundne midlar som kan løyvast til ulike formål i løpet av året. Difor har politikarane framleis eit visst handlingsrom med tanke på vidare støtte til Stord Maritime Museum.

– I utgangspunktet vil me jo setje av desse pengane til andre ting, men det er jo ein moglegheit der. Men det må ikkje vere nokon tvil om at Sunnhordland museum er hovudsatsinga vår på museumsområdet. Det er jo dei som er vårt regionmuseum. Men så kjenner me også ei viss forplikting overfor Stord Maritime Museum.

For høgt

Bjelland er klar på at han meiner kravet Stord Maritime Museum kom med i haust, om ei årleg støtte på 350.000 kroner i tre år, er for høgt.

– Me har jo ikkje drøfta dette. Men for min del høyres dette for mykje ut. Summen må nok eit stykke ned, men då snakkar eg for vår eigen del.

Rådmann Magnus Mjør opplyser at han tek sikte på å fremje ei sak om Stord Maritime Museum til første kommunestyre etter nyttår.