Foto: Skandinavisk Tivolipark
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Grunna manglande plass såg det ut til at det ikkje vart noko av den årlege tradisjonen med tivoli på Stord i mai. Men no vert det noko av det likevel. 

Av: Per Lønning

Ifølge Davy Romijn, ein av leiarane for Lunds Tivoli, har tivoliet no fått tildelt eit nytt område ved sida av parkeringsplassen utanfor Biltema på Heiane. Dagleg leiar Aasmund Lund har reist rundt på Stord for å finne ei høveleg plassering for tivoliet, noko Stord24 skreiv om i mars.

– Han har vore i kontakt med folk for å høyre kva mogleikar vi hadde, og til slutt enda vi opp her. Det er ei betre plassering sidan vi er meir synlege her enn der vi var før. Vi har også betre plass, og er svært glade for å ha hamna opp her, seier Romijn til Stord24.

Tivoliet hadde opning onsdag denne veka, og det varar fram til søndag.

Vanskeleg å finne plass

Utbygging som fører til at tivolia må på leitetokt etter ei ny plassering er ei av utfordringane tivolia må leve med, ifølge Romijn.

- Annonse -
- Annonse -

– Kvart år opplever vi utfordringa med å finne ein plass å vere, sidan det vert bygd noko på stadane vi har vore på før. Det er ikkje ei lett oppgåve. Korleis det vert til neste år er enno ikkje klart. Det er noko vi må ta opp med grunneigaren.

– Treng ein festplass

Cirkus Agora slit med det same, og oppheld seg for augeblinken på Sunnmøre i Møre og Romsdal.

- Annonse -

– Vi har ikkje sete opp Stord på reiseruta enno. Men det er opp til kommunen. Det finst nesten ikkje festplassar igjen, seier Jan Ketil Smørdal, sirkusdirektør for Cirkus Agora.

Han etterlyser ein fast festplass til føremål som sirkus, tivoli og liknande hendingar.

– Sirkusinteressa er på veg opp og fram. Vi måtte setje opp ei ekstra forestilling i Spjelkarvik, ettersom det vart for lite med éi. Eg oppfordrar politikarane på det sterkaste til å ta til fornuft og skaffe ein festplass eller marknadsplass. Det er kjempeviktig. Sirkus er ein kuturberar. Folk vil ha det levande og ekte igjen, og det er ingenting som er betre enn det.

Sirkusdirektøren meiner storleiken på Stord og dei omkringliggjande kommunane tilseier at det er trong for ein slik arena. Og Heiane ville ifølgje han ha vore midt i blinken.

 

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -