Stord-ordførar Gaute Epland (Ap) under opninga av biogassanlegget på Eldøyane. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24
- Annonse -

DEBATT: Sigbjørn Framnes gjer ikkje ein gong eit forsøk på å imøtegå argumenta, men berre avfeier dei som «flau ideologisk argumentasjon».

Av: Gaute Straume Epland,
Ordførar i Stord (Ap)

Ei av Framnes og FrP sine favorittøvingar er å avfeia andre parti sine argument med at dette er «berre ideologi» eller «berre prinsipp».

Sjølv er eg tilhengjar av ideologisk argumentasjon. Det synleggjer at politikk djupast sett handlar om verdiar og menneske- og samfunnssyn.

Argumentasjonen min knytt til val av pensjonsleverandør er likevel ikkje ideologisk. Utgangspunktet er pragmatisk, og argumenta økonomiske. Dei kan samanfattast i to punkt:

  1. «Innsparinga» Framnes snakkar om ved overgang til annan leverandør handlar i all hovudsak om å bruka fond og såleis auka risiko.
  2. Konkurranse er lite hensiktsmessig i dette tilfellet fordi KLP har stordriftsfordeler og er eigd av kommunane og ikkje ein ekstern aktør som krev utbytte.
    Historia viser også at KLP har hatt stabilt lågare administrasjons- og driftskostnader enn konkurrentane (som jo er det avgjerande, ettersom, slik Framnes også erkjenner, pensjonsvilkåra er like uavhengig av leverandør).

Framnes gjer ikkje ein gong eit forsøk på å imøtegå desse økonomiske argumenta, men berre avfeier dei som «flau ideologisk argumentasjon».

- Annonse -

Kva merkelapp ein kan setja på Framnes sin eigen argumentasjon, skal eg la vera opp til andre. Eg vil nøya meg med å slå fast at den i alle fall ikkje er særleg presis. Det verkar som Framnes satsar på at folk ikkje følgjer med, og at han dermed kan sleppa unna med å setja fram bastante, udokumenterte påstandar og omtrentlege tal.

Eitt døme: I Framnes si framstilling går kommunen i 2022 mot eit meirforbruk/underskot på 50 mnok, noko han meiner kjem av at FrP i motsetning til dei to føregåande åra ikkje var med på årets fleirtalsbudsjett. Dei som har lese andre budsjettrevisjon, veit at talet er 38,7 mnok, og at dette i all hovudsak skuldast forhold ingen, heller ikkje FrP, kunne vita om og difor heller ikkje tok høgde for då me handsama budsjettet i fjor haust.

Som alle vel no er godt kjende med, handlar kommunen sine meirkostnader i år i liten grad om avvik på drifta, men mest om tre forhold: straum-/gasspris, renteauke og fondsavkasting. Desse tre faktorane utgjer til saman ein kostnadsvekst på 45,1 mnok. Altså ville kommunen også i år hatt eit betydeleg mindreforbruk/overskot i ein meir normal økonomisk situasjon. Heldigvis har me over tid bygd opp eit solid disposisjonsfond som me kan nytta til å få budsjettet i balanse også i år som dette.

Den ekstraordinære økonomiske situasjonen me står i, slår inn i alle kommunar. Likevel vil Framnes ha folk til å tru at den ikkje ville ha påverka Stord kommune om FrP hadde laga budsjettet.

Det tvilar eg på at han klarer.

- Annonse -
Forrige artikkelNo har også Fitjar har fått sin eigen Eventyrskog
Neste artikkel– I går leita me etter ein slik type kafé, men me fann ikkje noko