Politiet går ut med namnet på kvinna som omkom då ho skulle kjøpa ein kvalp i Sandnes.
– Det var Maria Gabriela Talaska (52), busett på Stord, som mista livet i ulukka i Søredalen i Sandnes fredag, opplyser Sørvest politidistrikt onsdag.
Kvinna har polsk opphav.
Den tragiske ulukka skjedde då kvinna kom under sin eigen bil, som byrja å rulle, skriv politiet.
– Hennar pårørande er varsla, og namnet vert frigitt i samråd med dei.
Politiet sa overfor Stord24 tysdag at det er for tidleg å gå ut med detaljar rundt kva som er årsaka til ulukka.