Båten "Fram" drog til Stord i førre veke. No er den sakna. Foto: HRS
- Annonse -

Seljaren av treskøyta «FRAM» fortel at den sakna stordabuen var godt sjøvand og oppteken av tryggleiken om bord på båten.

I går vart det kjend at ein 58 år gammal stordabu er sakna etter at han seilte frå Kalvåg nord for Florø på veg til Stord med sin nyerverva treskøyte for ei veke sidan.

Mannen i Kalvåg som selde han båten fortel til Stord24 at stordabuen var ein erfaren sjømann, og at han visste kva slags seilas han skulle legge ut på.

– Han fortalde meg at han var kaptein på ein lastebåt. På bakgrunn av dette hadde eg ikkje nokre bekymringar for at han ikkje skulle finne vegen heim. Han verka rusta til å vere på sjøen, seier seljaren som ønskjer å vere anonym.

– Det er ikkje mangel på erfaring som har gjort at det har skjedd noko.

– Tok livet med ro

- Annonse -

Det siste seljaren såg til stordabuen var ved klargjeringa av båten, kvelden før han drog frå land.

– Det som skjedde var at eg gjorde han kjend med båten, og så fortøyde me båten ved bunkersbrygga onsdag kveld. Eg viste han leia ut av bygda der han skulle gå. Så var det takk og farvel.

Det var her i Kalvåg, utanfor Florø, at stordabuen henta båten for ei veke sidan. Foto: Wikimedia Commons

Inntrykket seljaren sit igjen med var at stordabuen framsto som ein mann som ikkje var så oppteken av å seie frå til nokon kor han befann seg.

– Eg fekk inntrykk av at dette var ein mann som tok livet med ro og ikkje var så nøye med å seie frå om kor han er. Det gjer det jo vanskelegare å tyde om noko alvorleg har skjedd.

Ikkje radio om bord

Seljaren fortel at det var han sjølv og mannen sine pårørande som sette i gang aksjonen.

– Dei ringte meg før eg ringte politiet. Det var ei bekymringsmelding frå begge sider.

Seljaren veit ikkje om mannen hadde med seg GPS eller VHF-radio, men stadfestar at dette ikkje fanst om bord på båten.

– Han hadde to-tre store baggar med seg, og eg reknar med at han har teke med seg det som var naudsynt. Treskøyta har navigasjonslys og anker om bord, noko han spurte om sjølv. Han var sikkerheitsbevisst til ein viss grad.

– Så vidt eg forsto hadde han med seg mobilladar, og han lada den på land kvelden før han skulle dra. Men eg veit jo ikkje om han hadde utstyr til å lade den om bord på båten. Dette verka som ein type som gav blaffen i om mobilen fungerte.

– God å køyre

Når det gjeld treskøyta så gir seljaren den dei beste skotsmål.

– Eg har hatt nokre nautiske mil med denne båten, og det er ein utruleg god båt å køyre, sjølv om den ser noko shabby ut.

Båten skal ha blitt observert i Florø ved lunsjtider førre onsdag, etter at han la frå land. Seilasen mellom Kalvåg og Florø skal vere ganske vêrhard, og er rekna å ta halvanna time.

- Annonse -