Kapteinen av båten kunne berre tville tommeltottar under overfarta, Foto: Wärtsilä
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Dette er eit stort framsteg i arbeidet med å etablere truverdige, automatiserte løysingar for transport til sjøs.

I april gjennomførte Wärtsilä verdas første automatiske dokking-system for eit maritimt fartøy. Teknologien var testa ut av Wärtsilä på MF Folgefonn då ho la til kai på Sunde.

No har selskapet tatt teknologien eitt steg vidare. Denne gongen var det ikkje berre kaianløpet som var automatisk, men heile overfarten mellom Jektevik, Huglo og Kvednanes.

Under oppsyn av representantar frå Sjøfartsdirektoratet blei ferga «Folgefonn» seilt som eit fullt autonomt fartøy frå kai til kai. Testen blei gjennomført uavbrutt, og i ei seilingsrute med tre ulike kai-anløp, skriv Wärtsilä i ei melding.

Truleg verdas første

Wärtsiøä skriv at dei ikkje kjenner til andre forsøket på ein fullautomatisert kai-til-kai-operasjon i ein totalt «hands-off modus», på eit fartøy av denne storleiken.

– Dette er eit stort framstegi arbeidet med å etablere truverdige, automatiserte løysingar for transport til sjøs. Denne testen stadfestar igjen Wärtsilä sin posisjon som global teknologileiar innan marine innovasjoner, seier Joonas Makkonen i Wärtsilä.

- Annonse -
- Annonse -

– Me kjem til å halda fram å utvikle «intelligente» løysingar for å føra den marine industrien over mot ein ny epoke med superhøg effektivitet, tryggleik og miljømessig bærekraft.

- Annonse -
MF Folgefonn har vore gjenstand for mange testingar av Wärtilä dei siste par åra. Både autodokking og trådlaus lading. Foto: Wärtsilä

Det nye systemet fungerer slik at operatøren av ferga berre treng å trykke på knappen «Seil», når han vil til ein destinasjon. Då tek det autonome kontrollsystemet over styringa av fartøyet.

Under testinga var ferja i stand til å forlate kaien, manøvre ut av hamna, segle til neste hamn, manøvrere inn mot hamna, og deretter leggje til ved sida av terminalen – alt utan menneskelege inngrep.

– Særs imponerande

Sjøfartsdirektoratet seier dei er svært imponert over løysinga til Wärtsilä, og trur dette kjem til bli stadig vanlegare i framtida.

– Me testa dette i to dagar. Dette er den første demonstrasjonen av eit autonomt styrt fartøy me har sett. Det me såg var særs imponerande. Det er ingen tvil om at slik teknologi vil kunne auka tryggleiken og den totale effektiviteten når fartøyet skal leggja til- eller frå kai, Nils Haktor Bua, frå Sjøfartsdirektoratet som overvaka testinga.

– Me held sjølvsagt fram arbeidet med å utvikla dette vidare, men eg er imponert over kor stabilt systemet allereie er på dette stadiet», seier han.

- Annonse -