Den raude linja nedover på kartet markerer det nye skiljet mellom Langeland og Tjødnalio krinsgrense. No er det kjent ugyldig av fylkesmannen.
- Annonse -

Den tilspissa budsjettsituasjonen i Stord kommune gjer at politikarane sannsynlegvis kjem til å sende elevane i Horneland-området til Tjødnalio skule til neste år.

Tysdag ettermiddag skal politikarane i oppvekst- og utdanningskomiteen avgjere om elevane i Horneland/Hornelandsvågen skal sendast til Tjødnalio skule neste haust, eller om det er mogleg å løyse situasjonen med midlertidige brakkebygg.

Innstillinga frå rådmannen etter høyringsrunden er å framleis gå for krinsendringane som er føreslått. Leiar i komiteen, Torbjørn Brosvik (Krf), seier han vil støtte rådmannen si innstilling, som vil medføre at ungane får ein fem kilometer lang skuleveg til Tjødnalio skule.

Utfordrande økonomi

Torbjørn Brosvik er gruppeleiar for Krf på Stord, foto: Jonas Sætre/Stord24

– Me er i ein utfordrande økonomisk situasjon i Stord kommune, og skal vedta eit budsjett som ikkje gir rom for ytterlegare auke i drift eller investering. Dette må me som ansvarlege politikarar ta med oss i saka om skulekrinsgrenser. Slik det ser ut no kjem eg difor til å støtte innstillinga til rådmannen.

Stord24 skreiv tidlegare om at rådmannen fekk i oppdrag å forhandle fram tomt ved Langeland skule, der oppføringa brakkebygg var nemnd som ei mogleg løysing på skulekrinsfloken. Dette har ikkje Brosvik tru på.

- Annonse -

– Om ein hadde sett føre seg eit brakkebygg på denne tomta like ved, så hadde det vore lite hensiktsmessig å ha ein skule som næraste nabo til ein byggeplass.

Redd for overfylt skule

Komité-leiaren meiner det heller ikkje er ei god løysing å gjere Langeland skule endå større enn den allereie er.

– Me som politikarar har ansvar for alle elevar og tilsette på skulane på Stord. Då må me sjå på kva som er det beste å gjere for dei midlane og moglegheitene me har. Både for elevar og tilsette ved Langeland er det positivt å ikkje overfylle skulen.

– Vil eit vedtak om å endre krinsgrensene for elevane i Horneland-området vere langsiktig, eller kan dette bli reversert ved ei eventuell utviding av Langeland skule?

– Det er vanskeleg å forskottere korleis dette vil utarte seg. Rulleringa av skulebruksplanen vil gå gjennom dette på ny, og då vil ein ha litt meir kunnskap om kva som ligg bak. Men slik det er no ligg ikkje utviding av Langeland skule inne i noko plan eller budsjett, seier Brosvik

Trur på lovlegheita

Han er ikkje uroa over at nokre av høyringssvara hevdar at vedtaket om endringar av krinsgrensene er i strid med nærskuleprinsippet i opplæringslova.

– Eg har stor forståing for at foreldra er engasjerte. Dette er ikkje noko lett vedtak å fatte. Samtidig må me stole på at faktagrunnlaget er tilstrekkeleg og at administrasjonen har lagt fram alternativ som er lovlege.

Nestleiaren i komiteen, Kjellbjørg Lunde (SV), støttar seg til Brosvik.

– Det går nok i den retninga at dersom ingen har funne eit gullegg der me kan skaffe pengar, så er alternativet i innstillinga det beste. Eg klarar ikkje å sjå noko godt alternativ slik den den økonomiske stoa er no, seier Lunde som understreker at ho vil drøfte saka i partiet sitt gruppemøte måndag ettermiddag.

Vil skaffe pengar

Geir Angeltveit i Venstre. Foto: Stord kommune

Geir Angeltveit i Venstre reagerer på at leiarskapet i komiteen stiller seg negative til ei brakkeløysing.

– Så vidt eg har høyrt har rådmannen fått tilslag på tomta, og ein har desse modulbygga ståande som vil bli ledige etter bygginga av ungdomsskulen. Me vil jobbe for å få pengar til dette.

– Korleis skal dette finansierast?

– Det kjem jo an på kor stor prislappen blir. Me ser at det blir gjort ein del effektiviseringstiltak. Men eg har ingen fasit på ståande fot, seier Angeltveit som meiner saka burde bli handsama i formannskapet.

Sak i desember

Det er ikkje kjend kva det vil koste å setje opp eit brakkebygg ved Langeland skule. Prisen for brakkene ved Stord ungdomsskule har vore 128.000 kroner månaden, ein pris som nok vil ein god del lågare ved Langeland skule sidan det er snakk om færre brakker. I tillegg kjem kostnader med transport og montering.

Rådmannen skriv dette i ei melding om prosessen med kjøp av tomtearealet: Me har hatt ein god dialog med grunneigar og har som målsetting å leggje fram eit forslag til avtale for kommunestyret i desember.

 

- Annonse -