Geir Angeltveit bakerst til høgre saman med ei gruppe fylkespolitkarar poserer framføre søylene til Bård Breivik i Eivindvik i Gulen, der den historiske intensjonsavtalen vart underskriven. Foto: Geir Angeltveit
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Frå og med 2020 er me ikkje lenger ein del av Hordaland, men «Vestlandet». Sigbjørn Framnes (Frp) trur ikkje det vil bli positivt for Sunnhordland.

I går var fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland samla for første gong, på symboltunge Gulen. Der vart det formelt bestemt at namnet på det nye fylket beståande av dagens Hordaland og Sogn og Fjordane skal heite Vestlandet.

I følgje NRK Hordaland var både SV og MDG kritiske til det nye namnet.

– Eg trur vi gjer ein feil om vi kallar det nye fylket for Vestlandet, sa Aud Karin Oen (SV).

Eit overveldande fleirtal røysta likevel for å kalle det nye folket for Vestlandet.

– Historisk dag

- Annonse -
- Annonse -

Geir Angeltveit (V) var til stades på fylkestingsmøtet, og er optimistisk med tanke på framtida til dei to fylka.

– Dette var ein historisk dag på ein historisk stad på Gulating. Saman kan me skape mykje godt i åra framover. Det har vore mykje usemje om innhald, form og fasong. Men som Fridtjov Urdal sa, usemje er slipesteinen me kvasser standpunkta på, seier Angeltveit til Stord24.

Likevel er det eitt skår i gleda for Angeltveit.

– Eg skulle også veldig gjerne hatt Rogaland eller i det minste Haugalandet med. Kanskje dei vil snu omsider, vonar Angeltveit.

Dårleg avtale

- Annonse -

Sigbjørn Framnes (Frp) var også med på det historiske møtet. Han gjekk på talarstolen på fylkestingsmøtet og kritiserte avtala mellom dei to fylka, og røysta i mot intensjonsavtala. I Bergens Tidende sin politiske podkast, 36,9, utdjupa han kvifor han var negativ til reforma.

– Eg er ikkje i mot regionreforma, og synest den er heilt på sin plass. Men for enkelte deler av Hordaland er denne avtala ikkje god nok. Eg meiner at me i Sunnhordland og Hardanger kjem dårleg ut. For me blir jo styrt via Sogn både når det gjeld skule og veg, medan Bergen og omegn får styre seg sjølv. Det er uheldig.

Framnes meiner reforma vil gjere det endå hardare for Sunnhordland å kjempe om midlar frå den nye fylkeskommunen.

– Det som kan bli ei utfordring er dette med kampen om midlane. Først skal Sogn og Bergen kjempe om skulemidlar, og dersom Sunnhordland og Hardanger då må kome inn etterpå og kjempe om restane kan det vere uheldig.

Sigbjørn Framnes, foto: Jonas Sætre/Stord24

Erkjenner tapet

Likevel er Frp-politikaren frå Stord klar på at han ikkje ønskjer å reversere avtala.

– Me erkjenner tapet i fylkestinget. Me røysta imot avtala, fordi me meiner den er for dårleg. Men me ønskjer ikkje å reversere noko. Me ønskjer å seie at me tapte slaget og gjere det beste ut av det og sikre at vår redsel ikkje blir ein realitet.

Mange av forkjemparane for samanslåing av dei to fylka har argumentert med at den nye regionen vil vere ein motvekt til sentralmakta i Oslo. Dette har ikkje Framnes noko tru på vil skje.

– Det som kunne styrka regionreforma er å samle fagkompetanse på ein stad. Her har ein splitta fagkompetanse på fleire plassar. Det er ein uheldig sak. Skulle me fått slagkraft overfor Oslo er det berre dersom Rogaland hadde vore ein del av det.

- Annonse -