Johanne Malene Ekeland Valvatne (i midten) svarar leiaren i Sunnhordland FpU. Her saman med May Anita Hovland (høgre) og Emma Hinderaker (venstre) Foto: Stord SU
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Den engasjerte ungdomspartigruppa Stord SU er klare for valkamp, og lovar nye spenstige stunt.

Stord sosialistiske ungdom arrangerte i helga sitt tredje årsmøte, der Johanne Malene Ekeland Valvatne vart vald til leiar for dei neste par åra.

Den engasjerte ungdomspartigruppa er kjend for å arrangere spenstige aksjonar for å markere sakene dei engasjerar seg i. Tidlegare i vinter overnatta dei utandørs på bussterminalen på Leirvik for å protestere mot dårleg kollektivtilbod. No lovar dei fleire tilsvarande stunt.

Utsending av asylsøkjarar

– Me har planar om masse aksjonar framover. Akkurat no har me ei nasjonal kampanje om utsending av midlertidige asylsøkjarar. Kampanjen heiter «kva ventar du på?». Dei fleste ventar på ting som å ta lappen og å få kjøpe øl, men mange asylsøkjarar ventar på å bli sendt ut av landet når dei fyller 18, seier Anne Sofie Ekeland Valvatne, som ikkje vil ut med kva slags stunt dei skal finna på i samband med den aksjonen.

– Det kan vera lurt å gå med øyreproppar 27. april, seier ho kryptisk.

- Annonse -
- Annonse -

Dei engasjerte ungdomspolitikarane fortel at dei ønskjer å jobba mykje med saker innanfor miljø på Stord den neste tida.

Grøne arbeidsplassar

- Annonse -

– Stord er veldig hardt råka av ei arbeidskrise, så me meiner det er viktig å ha fokus på korleis me kan byggja grøne arbeidsplassar og grøn industri på Stord. Til dømes ønskjer me oss eit grønt kompetansesenter, som kunne vore eit samarbeid mellom kommunen og verksemder som Apply Leirvik.

– Når Stord har vore så leiande innanfor oljesektoren så lenge kan me og bli leiande innan grøn industri, seier Valvatna.

Stord SU vil også bruka mykje tida fram mot stortingsvalet på å drive valkamp for Anna Sofie Ekeland Valvatne, som er på fjerdeplass på Hordaland SV si stortingsliste, og som er søstera til Stord SU-leiaren.

Ungdomspartiet vil også arrangere sjølvforsvarskurs for årets russekull på Stord.

 

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -