Mange har reagert på ordførar Wenche Tislevoll sin tale under kommunestyret før jul. Foto: Harald Johan Sandvik
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ordføraren gav tydeleg beskjed om at det har vore vanskeleg å ta til seg ein del av kritikken som har kome i samband med skuledebatten.

Av: Harald Johan Sandvik

Det har vel aldri vore større dramatikk rundt eit kommunestyremøte i Fitjar som det var denne gongen. Sidan skulebruksplanen med framlegg om nedlegging av to skular vart lagt fram, har diskusjonen gått høgt, og engasjementet har vore svært sterkt.

Det toppa seg med demonstrasjon og fakkeltog før gruppemøta sist måndag.

Det at skulebruksplanen vart utsett til desembermøtet, der budsjett skulle koma i saka rett etter, gjorde det ekstra krevjande.

Har aldri opplevd demonstrasjonar

Ordførar Wenche Tislevoll proklamerte at ho elskar tal, og at ho tykkjer budsjettarbeid er interessant. Men etter 12 år i kommunestyret er det første gongen ho har opplevd demonstrasjonstog. Ho håpar at engasjementet ikkje døyr ut!

- Annonse -
- Annonse -

Dette året har vore svært travelt for både henne og rådmannen, ikkje minst på grun av omstillingsarbeid. Kommunen har no 257 årsverk fordelt på 340 tilsette.

– Vindmøllene og vindmølleparken er eit svært positivt for kommunen på mange måtar, og dei står for 11 mill i årlege inntekter til kommunen. Næringslivet går godt, og det er stor interesse for Håkonar Næringspark, sa Tislevoll.

– Mykje kritikk på person

Ordføraren gav likevel tydeleg beskjed om at det har vore vanskeleg å ta til seg ein del av kritikken som har kome, spesielt på sosiale media i samband med skuledebatten.

– Det har vore mykje kritikk i år, ikkje minst på sosiale media. Det går på sak og økonomi, men dessverre også på person. Det er ikkje greitt!

Ho ynskte ein god budsjettdebatt, og avslutta med å deklamera Ivar Aasen sitt dikt «Til lags åt alle kan ingen gjera».

Kommunesstyret røystar og vedtar budsjettet. Foto: Harald Johan Sandvik

Alle røysta for vidare skuledrift

Som kjent røysta alle for vidare drift på dei to skulane, og med nesten like vedtak. Når det kom til finansiering, kom det også to framlegg, men dei var meir ulike.

Agnar Aarskog (Ap) la fram endringsframlegg på vegne av Ap og H. Den største finansieringskjelda her var bruk av Havbruksfondet, 10 mill. i perioden 2019- 2022.

Det andre framlegget kom frå KrF, Sp og Frp. Dette var i prinsippet kjent frå formannskapsmøtet 5. desember, der det var lagt fram for å berga dei to skulane. Då fekk framlegget berre dei to partia sine røyster og fall. I lett omarbeidd form er hovudelementa framskunda auke i eigedomsskatt i høve til rådmannen sitt framlegg, auka inntekter på landbrukskontoret, auka skatteinngang – og 3,4 mill frå Havbruksfondet.

Ap og H sit framlegg fekk 10 røyster og vart vedteke, KrF, Sp og Frp sitt framlegg fekk 7 røyster.

Rådmannen fekk ros

I debatten i går var det gitt mange gode ord til den nye rådmannen Olaug Haugen og resten av administrasjonen.

– Dei er fagleg sterke, er fleksible og raske! vart det sagt.

- Annonse -

Rådmannen på si side takka for gode tilbakemeldingar, og var stolt over den gode staben ho har rundt seg.

Sigurd Andre Maraas, Frp, minna likevel om at det er 7,5 prosent sjukefråvær mellom kommunalt tilsette, og at ein må finna gode måtar å betra statistikken på.

Styreleiar Agnar Aarskog. Foto: Harald Johan Sandvik,

Gir seg i kommunestyret etter 24 år

Agnar Aarskog, Ap, undra seg over at helse og omsorg hadde fått så lite fokus i haust. Vel 50 % av budsjettet går til den sektoren.

I 2019 går han ut av kommunestyret etter samanhengande 24 år.

Grete Marit Veka Maraas, Sp, poengterte at både sentrum og krinsane skal leva.

– Det har aldri vore større privat rikdom i landet, men kommunar vert straffa når dei vil stå åleine. Me må auka folketalet og invitera gründerar for å skapa nye arbeidsplassar, sa Maraas.

– Hald fram med å snakke fram bygda

Harald Rydland, KrF, var i floren i dagen før då han høyrde på NRK om Fitjar kommune som sleit veldig økonomisk.

– Men i 2019 skal me bruka 200 mill på drift, mot 195 mill. i 2018. Det har vore for alt for stor fokus på økonomiske utfordringar. Det kan gi negative ringverknader på rekruttering, tilflytting og etablering av nye arbeidsplassar.

– Me ser mange lyspunkt. Hald fram med å snakka fram bygda, sa Rydland.

Riggar kommunen for framtida

Utvalsleiar i plan og miljø, Torstein Grimen frå Høgre trekkjer fram at det er mykje positivt som skjer med tanke på nyetableringar.

– Me riggar kommunen for framtida! Me byggjer ikkje ned matjord, arealet har auka i perioden. Eg er mest stolt av at stor positiv haldning i kommunen trekkjer til oss nye verksemder. Her er mange gode tilbakemeldingar, og dette må vera viktigaste satsingsområdet framover!

Partikollega Arne Prestbø, H, var tydeleg på at kommunen framleis står framføre utfordringar.

– Høgre er garantisten for at eigedomsskatten ikkje aukar, og det vil me halda fram med. Budsjettet sikrar vidareføring av gode tenester til alle. Men langtidsplanen syner utfordringane me står framfor, sa Prestbø.

Han takka ordføraren for stor innsats.

– Ho er ordførar for alle!

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -