Etter førre album har Endre Olsen flytta heim til Stord og fått ein ny kvardag som småbarnspappa for to born. Han er ikkje i tvil om at dette har påverka musikken hans og perspektivet på livet. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.
- Annonse -

Mykje har skjedd sidan Endre Olsen ga ut EP-en «Lenge si i går» i 2013. No er han klar med ny singel – denne gang med eit noko anna synspunkt på livet.

Fem år har gått sidan Endre Olsen ga ut sjølvskriven musikk. Tysdag 9. januar står han klar med sin nye singel «Alle lyso på». Ei kort låt som ifølgje han sjølv rommar mange kjensler og tankar om åra som har gått.

– Av og til kan det vera vanskelegare å sjå når alle lys er på. Når du famlar rundt i blinde så går no liksom tralten. I periodar har du kanskje følt deg litt desorientert. Så oppstår ein ny situasjon i livet ditt og du får eit nytt syn på det heile. Men det å skulle sjå ting i eit anna lys kan også vera ei ganske klein omstilling, lyder det frå Olsen.

Eit ekstra push

Låta er ein smakebit på det komande albumet «Bøttevis med blått», som kjem i mars. Albumet blir slept gjennom plateselskapet Apollon Records. Dette er første gang Olsen gir ut eit album gjennom andre.

Stordabuen har store forventningar til året som kjem.

– Det er på ein måte eit ekstra spark bak til å pusha det enno meir, både for meg sjølv og dei involverte i bandet rundt meg. Ambisjonen er å få gjort veldig mykje av mine eigne ting, og litt mindre av alt anna som eg held på med.

Har fått til mykje

- Annonse -

For sjølv om han gjerne er vane med å syngja coverlåtar av Neil Young, Johnny Cash og andre kjende klassikarar, er det hans eigen musikk som står i fokus dei neste månadane. Det treng ikkje nødvendigvis vera nyskapande musikk. Men det må vera av bra kvalitet.

– Først og fremst er eg opptatt av at eg skal bli betre enn eg var. For min del fører det gjerne til nye retningar, men det er ikkje noko sånn banebrytande musikk. Det er rett og slett låtskriving som er prøvd å gjort på best mogleg måte, spelt inn på best mogleg måte og framført på best mogleg måte, seier Olsen.

– Det er kanskje typisk og seia at det er det beste ein har gjort til no. Men eg føler i alle fall eg har fått til veldig mykje av det eg ville få til.

Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.

Meir enn berre gnål

– Den nye singelen din og det komande albumet er på dialekt. Kvifor ikkje på engelsk?

– Eg prøvde å skriva på norsk for fem-seks år sidan. Det er alltid kjekt å finna andre innfallsvinklar til å få fram det du tenkjer skal ut i ei låt. Før var det enklare å skriva på engelsk, då dette ikkje er talespråket og det gjerne er enklare å finna ei poetisk tilnærming. For meg er denne poetiske tilnærminga skjult på dialekt. Me snakkar jo ikkje i poetiske vendingar til kvarandre.

– Så den nye musikken er med andre ord litt meir komplisert enn tidlegare?

– Nei, ikkje nødvendigvis. Det mest kompliserte er å finna det poetiske utan at det blir pretensiøst. Eg vil at det skal høyrast ut som når ein snakkar. Men det skal vera ein klang i det, som både passar melodien og som gjer at det kan syngjast. Det skal ikkje berre vera gnål frå Endre Olsen. Det skal vera skikkelege tekstar, påpeikar han.

Glad i ein variert kvardag

Etter førre album har Endre Olsen flytta heim til Stord og fått ein ny kvardag som småbarnspappa for to born. Han er ikkje i tvil om at dette har påverka musikken hans og perspektivet på livet.

– Den eldste låta på albumet er omtrent fem år gamal. På denne tida hamna eg på mange måtar i ein ny livssituasjon, spesielt med tanke på det å bli familiefar. Albumet representerer eit ganske så nytt kapittel i livet mitt, seier Olsen.

– Eg ser meg ikkje så valdsamt tilbake, men eg ser meg kanskje litt tilbake til åra før eg tok eit val. Viss det er eitt gjennomgåande tema på albumet, så handlar det om det å ta eit val og stå i vala du har tatt.

Forutan dette arbeidar han som miljøarbeidar på dagtid. Men sjølv om han satsar på musikken, har han ingen plan om å forlata sin noverande jobb.

– Å skulle seia opp dagjobben for å bli popstjerne er ikkje heilt aktuelt. Eg er glad i ein variert kvardag og trivst i jobben eg har. Viss eg berre skal hengja med musikarar heile tida, blir eg dritlei av det også, flirer han. – Men eg har no endeleg gjort det i periodar.

Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.

Frå gamlisungdom til vaksen

– Men korleis ser ein vanleg kvardag ut med jobb som miljøarbeidar, familietid og musikken? Synest du det er vanskeleg å skilja?

Faktisk synes eg det er lettare slik, for du må utnytta dei glipene du har i kvardagen for å få ting gjort. Eg har eit par timar etter ungane har lagt seg. Då må eg berre tvinga meg sjølv til å setja meg ned og skriva. Det er greitt å ha ein unnskyldning til å setja seg ned. At eg har tid er unnskyldning nok for meg, opplyser Olsen.

Elles er livet ganske vanleg hos oss. Eg sit ikkje å dveler over ei flaske whisky i kjellaren når eg skriv.  

– Det høyres ut som du har blitt meir vaksen i løpet av dei siste åra, både musikalsk og i tankemåten. Stemmer dette?

– Mange vil nok kalla dette for ganske gubbete musikk. Men det er denne typen musikk eg har høyrt på sidan eg var ung. Eg var vel sikkert ein gamlisungdom. Viss folk synes musikken er vaksen, er det berre fint.

Endre Olsen skal ha singelslepp-konsert i Bergen 13. januar på Victoria pub. På Stord kan du oppleve han live på 100-dagar-festivalen på Arena, siste helga i januar.

- Annonse -