- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Bjørnefjorden Matkultur vil ta Gunnar Nagell Dahl sitt store bjørnafjordenmåltid vidare.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden

Måndag 3. juni gjekk mesterkokk, eldsjel, matattaché og lokalmatentusiast Gunnar Nagell Dahl bort.

– Han blei bisett fredag 14. juni i Os kyrkje, same dag som vi etter planen skulle lagt ut billettar til årets versjon av «Det Store Bjørnefjordmåltidet», skriv Bjørnefjorden Matkultur i ei pressemelding.

Gunnar, som opphavleg kom frå Stord, var ein av dei som starta Bjørnefjorden Matkultur, og det var han som hadde ideen til Det Store Bjørnefjordmåltidet.

– Han var ein inspirasjon, ein venn og ein mentor for alle oss i foreininga. Vi utsette naturlegvis det å legga ut billettane.

- Annonse -

Hadde samling i helga

- Annonse -
- Annonse -

I helga har dei foreininga hatt ei felles samling for å minnast Gunnar, og for å diskutera kva dei skal gjera vidare.

– Det vi har landet på i felleskap, og som vi er heilt sikre på at Gunnar ville ha ønskt, er at foreininga skal halda fram arbeidet sitt, og at måltidet skal gå som planlagt. Det han sto for, brant for og var glad i skal halda fram.

Det Store Bjørnefjordmåltidet 2019 blir som dei to første; ei feiring av lokal matkultur. Eit arrangement i Gunnar sin and.

Billettane blir lagt ut for sal på morgonen torsdag 20. juni.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -