Magne Rommetveit trur framleis på eit regjeringsskifte til hausten. Her frå terrassen i leilegheita hans på Rommetveit. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Magne Rommetveit (Ap) meiner likevel at Stord og Sunnhordland vil tene meir på å sende forbundsleiaren Leif Sande inn på tinget enn etterfølgjaren hans på ordførarkontoret, Liv Kari Eskeland (H).

– Korleis vurderer du sjansen for at det blir regjeringsskifte til hausten?

– Dei siste seks månadane så har målingane jamt over vist at regjeringa med Frp og Høgre ikkje har fleirtal bak seg og at det leiar opp til eit regjeringsskifte. Men så har det kome nokre dårlege målingar for oss. Men eg har tru på at me skal klare å få til eit regjeringsskifte og eit godt val for Arbeidarpartiet og at me skal klare å få inn fem representantar frå Hordaland.

– Kva er det viktigaste du ønskjer å oppnå på stortinget den neste perioden?

– Det viktigaste for oss er arbeid. Det gjeld spesielt for Stord og Sunnhordland. Me har vore gjennom ei tid som har vore veldig vanskeleg, og svært mange har mista jobbane sine. Me ser mange lysglimt no. Men sjølv om verksemdene på Stord har fått mange oppdrag så er dei tidsavgrensa. Vindmøllene er vekke, og om fire år forsvinn Johan Sverdrup, Njord og Aasta Hansteen. Og dei har ikkje noko anna å rekne på av store andre oppdrag. Det viktigaste er korleis me skal klare å få ein jamnare og stabil aktivitet.

– Her på Stord har arbeidsløysa halvert seg det siste året. Kor stor påverknad trur du det vil ha for oppslutninga til Ap på Stord ved dette valet?

- Annonse -

– La meg først seie at eg gler meg over at det kjem fleire jobbar. Men som eg har sagt, dei varar jo ikkje evig desse jobbane. Og det som er urovekkjande er at talet på langtidsledige i Hordaland aukar dramatisk. Det har noko med at regjeringa Solberg ikkje haldt hjula i gang då det begynte å gå gale.

– Stord har etter dette valet høve til å få to stortingspolitikarar frå Stord, deg og Liv Kari Eskeland. Kor viktig er det for Stord?

– Det hadde vore hyggeleg å pendle med flyet med Liv Kari, og me har hatt mykje kjekke samtalar saman. Men det er jo tross alt ein nasjonalforsamling, og eg meiner jo at politikken er det viktigaste. Og eg synest at me har ein betre politikk for Vestlandet, og me har ein femtekandidat frå Nordhordland, Leif Sande, som har vore forbundsleiar i fleire tiår for olje og gass. Eg trur den komande stortingsperioden kjem til å dreie seg mykje om arbeidsliv. Han er veldig rå på dette, og eg er overtydd om at Leif Sande på tinget vil vere bra for arbeidsfolk på Stord. Men eg skal ikkje seie noko vondt om Liv Kari.

– Du har vore stortingsrepresentant i åtte år. Kva er du mest stolt over å ha fått til i denne perioden?

– Noko av det eg har fått gjennomslag for er å få til differensiert strandsoneforvaltning. At me treng ikkje praktisere 200-metersbeltet overalt. Me må sjå det litt an, slik at ikkje reglane for indre Oslofjord er gjeldande på Bømlo eller på Stord. Så har me fått gjennomslag for eige parti for både samferdsle og næringsliv. Men eg merkar jo uansett kva parti du høyrer til så er austlandsmakta nokså sterk. Eg ser meir og meir at ein må stå saman langs kysten. Det å ha fått eit godt nettverk med folk i Rogaland og Sogn og Fjordane på kystrelaterte saker er veldig viktig for at ikkje me som landsdel havnar i bakleksa.

– Du har ei lang politisk karriere bak deg, og står som førstekandidat i eit av dei mest folkerike fylka i landet. Dersom Jonas Gahr Støre vert den nye statsministeren, korleis vurderer du sjansen for å bli spurt om å bli statsråd?

– Dersom Jonas blir statsminister så må me ha ambisjon om at nokon frå Hordaland frå vårt parti skal inn i regjeringsapparatet. Men eg har ikkje noko klare ambisjonar om å bli statsråd. Eg trivest godt i Stortinget også, og dersom me blir største parti i Hordaland, så blir eg også benkeleiar for heile Hordalandsbenken. Det ville jo også vore spennande. Skulle eg bli spurt om ein statsrådsposisjon ville eg takke ja. Men det er ikkje sånn at eg higer etter å bli statsråd, det er vel så mykje viktig arbeid som skal gjerast på tinget.

– Kor viktig meiner du det blir for sysselsetjinga på Stord at ein går i gang med konsekvensutgreiing for oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja?

– No er det jo fleire stadar ein borer og finn olje, som ein ikkje trudde før. For leverandørindustrien så er det litt eitt feitt kvar ein finn den. Lofoten, Vesterålen og Senja er viktig, og eg meiner me godt kunne sett i gang ein konsekvensutgreiing på alt dette. Men me veit jo både motstand og motførestillingar, så me ønskjer å ta det litt stegvis. Me vil også ha konsekvensutgreiing på Nordland 6, sør for Lofoten, då dette er området som er mest sannsynleg at ein finn «mykje god mat». Det grensar opp til Aasta Hansteen, som me driv å byggjer på no. Dei andre områda som ligg nærare strandkaien vil me liggje urørt i denne omgang.

– Stord24 skreiv i sommar ein kommentar der me stilte spørsmål ved Arbeiderpartiet sin utydelege kommunikasjon rundt Hordfast. Forstår du at folk lurar på kor høgt Ap kjem til å prioritere dette prosjektet?

– Nei, det forstår eg ikkje. E39 er ein Europaveg og ein riksveg, då er det Stortinget som skal bestemme, uansett kva kommunane og fylket seier. Ap har i Nasjonal Transportplan sagt at me vil ha Hordfast. Regjeringa har valt hovudtrasé, og me har ikkje stilt noko spørsmål med det. Det me har sagt er at kostnadane har blitt så høge at det ikkje er mogleg å få gjennom. Så ein må ha ei forenkling og eit billigare opplegg for at ein skal setje i gang. Elles må ein vente i så mange år. Det som no i NTP er ikkje så veldig sprekt.

– Støttar du ei oppstart for Hordfast i 2021 ved hjelp av bompengeinnkrevjing?

– Jada, det støttar me. Men det som er litt spesielt er jo at i perioden me har vore gjennom no, så har Frp vore heilt i mot det. Me ville gjere det på Haukelid med Seljestadtunellen for å få i gang arbeidet der, men Solvik-Olsen har sette foten ned. Men no har dei opna for det, og det er vel fordi dei ser at dei ikkje får gjort noko utan bompengar. Så Frp dobbeltkommuniserer veldig.

– Men å ha firefeltsveg og 110 km/t er greitt for ei framtid, der dei har rekna ut frå ei prognose 20 år fram i tid. Då er det kanskje litt overkill at du skal bygge til ein slik standard no. For me har ikkje pengar til det. Difor meiner me at ein bør byggje enklare no, men at du kan planleggje at du kan utvide i breidda seinare når ein har økonomi til det. Eg trur folk og næringslivet er mest opptekne av å få det ferjefritt og ein sikker veg, og ikkje at dei nødvendigvis skal køyre i 110 km/t.

– Du har snakka mykje om E16 Arna-Voss i denne valkampen, men som tidlegare Stord-ordførar, hadde det ikkje vore naturleg å snakke meir om E39?

– Eg snakkar om det no. Me har jo slått oss til tåls med at det ikkje ligg midlar over statsbudsjettet til E39 før andre periode i NTP. Det gjer det heller ikkje når det gjeld E16, men det me har kome med forslag om er å leggje inn tre milliardar for å framskunde E16. Me kjem ikkje unna at me må gjere noko med rasfaren som er på tog og veg mellom Bergen og Voss. Difor har mange prøvd å setje Hordfast opp mot E16. Det nektar eg for, fordi eg meiner det er to vidt forskjellige ting. E16 handlar om liv og helse og tryggleik.

– Men ifølgje Statens Vegvesen er det ikkje grunnlag for å seie at E16 er farlegare enn E39?

– Nei, men ein ting er trafikkulukker og slikt. Det som også er ein dimensjon der oppe er rasfaren. Det er klart at dersom det er ein turistbuss eller eit tog og det kjem eit slikt ras, så kan jo det sope med seg temmeleg mange liv. Det er litt som om me skulle vere redde for at ferga skulle gå ned. Poenget mitt er ikkje at E16 er viktigare enn E39, men eg vil seie at det kan vere greitt å få det gjort no. Så eg er for E39 og Hordfast.

Magne Rommetveit er klar for sin tredje periode på Stortinget. Får han spørsmål om ein statsrådsjobb er han klar for å takke ja. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Kan du leve med at Stord og Sunnhordland blir utkant i ein ny Vestlandsregion beståande av berre Hordaland og Sogn og Fjordane?

– Nei, eg likar det ikkje, og eg vonar inderleg at me klarar å få endra på det. No er det jo i Sunnhordland og i Nord-Rogaland at me har vore ivrigast å få vekk fylkesgrensa. Eg hadde jo håpt at Rogaland skulle vere ein del av det, og eg har endå ikkje gitt opp. Eg er veldig redd for at dersom me berre skal vere saman med Sogn og Fjordane, så er det som du seier at me har vore utkant no, men då blir me endå meir utkant. Eg trur me kjem til å sjå meir samarbeid på heile vestlandet. Og viss det då heng igjen med kunstige administrative grenser så er ikkje det funksjonelt.

– Korleis er det plutseleg å ha fått svigersonen din som ordførar?

– Nei, det er jo veldig spesielt, og det kom jo svært overraskande at han fekk den posisjonen. Men det er jo litt kjekt òg, og eg må jo passe meg for å ikkje kome med kommentarar i tide og utide og vere ein slags sjuande far i huset. Han må jo finne ut av ting sjølv. Men både kona mi og dottera mi har gitt klar beskjed om at dei vil ikkje ha nokre politiske diskusjonar under familiemiddagane. Så det vil nok avgrense seg, iallfall når dei er til stades.

– Kor stor påverknad har det hatt for Arbeidarpartiet på Stord at Harry Herstad plutseleg gjekk bort?

– Det skjedde jo veldig brått, og han var jo den ubestridte leiaren og ideologen, sjølv om det er eit demokratisk parti. Han hadde jo såpass mykje posisjonar og kontaktar, at det var nok ganske lammande for dei at han døydde. No har ikkje eg så direkte kontakt med Stord Ap, men eg reknar jo med at dei klarar å leia eit godt parti etter det, men det kom jo som eit sjokk på dei.

 

 

- Annonse -