Espen Furre (f.v.), John Olav Grov og Alfred Gregersen er blant dei første studentane som blir ferdig med bachelor-programmet til Stord-modellen. Til høgre Arne Ottesen, leiar for ingeniørane på Apply Leirvik. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Studentane er blant dei første som fullfører den knallharde ingeniørutdanninga Stordmodellen, som kombinerer 100 prosent studiar i tillegg til 66 prosent jobb – pluss overtid.

– Når dei begynte med Stord-modellen kasta me oss på. Me er dei første som har vore med gjennom heile løpet, fortel Espen Furre (32).

Før jul hadde han og medstudentane John Olav Grov (40) og Alfred Gregersen (36) siste eksamen, og til sommaren vil dei vere dei aller første studentane som blir uteksaminert frå den intensive bachelor-utdanninga Stordmodellen, som har gått over fem år.

Furre har fagbrev i aluminiumskonstruksjon, og dei to andre er platearbeidar. Dei tok alle fagbreva sine på Apply Leirvik, og fekk kome tilbake til verksemda i samband med bacheloren gjennom Stord-modellen.

Krevjande løp

Men no er dei ikkje ute på «gølvet», men sit komfortabelt inne i administrasjonsbygget til Apply Leirvik med ingeniørarbeid i tilknyting til bygginga av Johan Sverdrup-bustadkvarteret. Stord-modellen kombinerer nemleg, på ein unik måte i norsk samanheng, studiar og praktisk ingeniørerfaring. Ein ny kvardag for fagarbeidarane.

– Me sit jo litt meir i ro, men det har jo vore veldig greitt slik som vêret har vore no i det siste. Ellers er det mykje som er annleis, seier Furre.

- Annonse -

– Det er meir krevjande, og ein blir meir mentalt sliten samanlikna med å jobbe ute, seier Grov.

Når dei starta på Stord-modellen var det berre eit toårsløp. Men så vart tilbodet utvida med ein bachelor, som karane kasta seg på.

Kombinerer jobb og studiar

Og det er eit knallhardt løp dei har gått gjennom. Dei skal gjennom akkurat det same pensumet som vanlege bachelor-studentar. I tillegg er dei i jobb tilsvarande ein 66 prosent stilling.

– Det er ein rotasjonsordning med éi veke på skulen og to veker på jobb. Samtidig er det eit fulltidsstudie, så utanom arbeidstida så skal me gjere oppgåver. Me har sikra dagane for å seie det sånn, seier Gregersen.

– Det er mange gode seriar me ikkje har fått sett i løpet av desse åra, smiler Furre.

Arne Ottesen, som er leiar for engineering og teknologi i Apply Leirvik, og som har ansvar for studentane bedrifta har inne frå Stord-modellen, er imponert over kapasiteten deira.

– Det er eit veldig tøft løp, så eg er imponert over at de har ork til å stå i det så lenge. Dei skal jo følgje all undervisning og arbeid utanom, og det har jo også hendt at me har spurt dei om å jobbe litt ekstra overtid på toppen av dette.

Ser heilskapen

Samtidig har dei ivrige studentane ein stor fordel når dei held på ingeniørarbeidet. Sidan dei tidlegare har jobba med den fysiske konstruksjonen kan dei visualisere ting på ein heilt annan måte enn ingeniørane som aldri har vore utanfor kontoret.

– Det har vore ein veldig stor fordel. Eg klarar å sjå for meg meir av det som skal utførast når me held på med designet. Så me kan ta omsyn til produksjonen på ein heilt annan måte, seier Furre.

Ottesen i Apply Leirvik seier det er svært viktig for verksemda at dei har folk som klarar å sjå heilskapen i produksjonen.

– Du ser den praktiske delen og løysinga på det. Me ser jo døme på andre som aldri har vore ute i det praktiske livet, som har fokus på detaljane men ikkje veit korleis det skal løysast. Det kan vere eit kjempeproblem. Det er veldig viktig med nokon som kan sjå heilskapen, og det er ein stor fordel med Stord-modellen.

Erfaringa til studentane har gjort at dei har blitt kasta rett ut i utfordrande arbeidsoppgåver i tilknyting til bustadkvarteret til Johan Sverdrup, som vart levert like før jul.

– Dei har jo alle tre vore i ei nøkkelrolle i forhold til koordinering, og ein link mellom fabrikasjon og engineering. Dei har vore med å sørgje for at alt har gått på skinner. Dei får full tillit frå oss, seier Ottesen.

Samarbeidsprosjekt

Dei vonar alle tre på å halde fram i Apply Leirvik etter at dei er ferdige med Stord-modellen.

– Det er eit veldig bra arbeidsmiljø her. Alle konsulentane som kjem innom fortel om kor trivelege og glade folk er her. Folk blir jo nesten litt satt ut, seier Furre.

Apply Leirvik har hatt 12 elevar gjennom Stord-modellen.

Stordmodellen blei etablert i 2012 etter initiativ frå dei fire Sunnhordlands-verksemdene Kværner, Apply Leirvik, Wärtsilä og Advantec og industrinettverket Atheno. Bakgrunnen var eit ønskje om å få etablert eit skreddarsydd utdanningsopplegg, kor fagarbeidarar i lokale verksemder gjennom tilbod om spesialtilpassa teknisk utdanning kan vidareutviklast til å bli det industrien omtalar som «praktiske ingeniørar».

Utdanninga er i regi av Fagskulen i Hordaland og Høgskulen på Vestlandet. Undervisinga skjer på verksemdene sine premissar, og er finansiert og tilrettelagt slik at studentane kan kombinere jobb og studiar.

- Annonse -