Leiar i Utdanningsforbundet på Stord, Tor Jæger Koppang. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24
- Annonse -

Lesarbrev: Streikeviljen mellom Utdanningsforbundet sine medlemmer er stor, etter meir enn eit år med pandemi.

Av: Tor Jæger Koppang,
Leiar i Utdanningsforbundet på Stord

Eit år med pandemi har synt oss kor viktig samfunnsinnsatsen til lærarar i skule, barnehage og støttesystema er. Me jobbar med komplekse og krevjande oppgåver som krev høg kompetanse og lang utdanning.

Det er inga overdriving å seia at utan vår kompetanse stoppar Noreg. Likevel er det kritisk mangel på lærarar i barnehage og skule.

Undervisningsstillingar i skuleverket har hatt ei tydeleg lågare lønsutvikling enn andre stillingar i kommunal sektor og i resten av samfunnet. Dei siste to åra har dette særleg råka undervisningsstillingar med fem års høgare utdanning eller meir.

Streikeviljen mellom Utdanningsforbundet sine medlemmer er stor. Lønsveksten i kommunesektoren vart klårt lågare enn i privat sektor i fjorårets tariffoppgjer. Det er ikkje akseptabelt. Det svekkar rekrutteringa og gjer det vanskelegare å tilby gode offentlege tenester.

- Annonse -

Utdanningsforbundet krev difor klar reallønsvekst for våre grupper. Utdanningsforbundet Stord sitt årsmøte gjev Unio sitt forhandlingsutval full støtte. Årets oppgjer må vera starten på eit lønsløft for tilsette med høgare utdanning, og må bli følgt opp i komande tariffoppgjer.

Det er vår tur no!