Korleis kan vi møta julemysteriet utan å gå på akkord med vår vitskaplege innstilling? spør Svein Arne Theodorsen.
Av: Svein Arne Theodorsen
Prost i Sunnhordland prosti
I mi førebuing til jula i år, har eg hatt glede av å lese Ajax si juleforteljing.
Stavangerforfattaren Andreas Jacobsen, alias Ajax, har ei julefortelling kalla «Vise menn fra Østerland» der Johanna fortel: «Langt, langt borte i Østerland bodde der ein gong tri menner, så ikkje hadde gjort noge aent heilt sidan di slutta folkeskulen, enn å betrakte stjernene på himmelen.»
«Ein dag sa ein av di, at han hadde fonne ei nye stjerna på himmelen. Hu sto i retning av Betlehem,» og «hu lyse sterkare enn nogen aen stjerna eg har sitt.» «Me reise. Me tar med litt kaffi og julabrød, det er langt til Jødeland, og me kan bli svoltne på veien.»
Etter vismennene sine spesielle møte med Herodes og ordføraren i Betlehem, skriv Ajax: «La oss gå udanfor byen og tenk’ oss litt om.» «Der sad nogen hyrder og passte sauer.»
Ajax skriv at det vart eit spesielt møte mellom vismennene og «hyrdene.» Gjetarane sa: «Gå te stallen der borte.»
Ajax si forteljing om vismennene ender slik:
- Og di gjekk te stallen.
- Og di fant et baden så sov på halm.
- Og di teba det.
- Og di blei ikkje mindre vise av det.
Kan fornuftige menneske i dag tru på den juleforteljinga som har lydd i over 2000 år? Må vi seie nei til fornuft, legge frå oss vår kritiske tanke om vi skal tru på juleevangeliet? Korleis kan vi møta julemysteriet utan å gå på akkord med vår vitskaplege innstilling?
Eg minnes eit nobelintervju i Stockholm for nokre år sidan der vinnarar av ulike nobelprisar var saman. Her var til dømes nobelprisvinnar i fysikk og matematikk. I ein interessant samtale kom dei inn på forholdet mellom tru og fornuft, tru og vitskap. Dei reflekterte over dette. I samtalen kom det fram at fleire av desse prisvinnarane med høg vitskapleg kompetanse, var søndagsskulelærarar i deira lokale kyrkje – og dei fann ikkje dette problematisk.
«Hun som er så fornuftig»
Eg minnes ein god samtale med mi svigermor. Ho sa om si dotter Britt som i konfirmasjonstida begynte å tru på Gud: «Det er underlig at Britt er blitt en kristen – hun som er så fornuftig.»
I eit intervju med «Vårt Land» seier Svein Tindberg at han ber på to lengslar: Den eine etter tru, den andre etter rasjonalitet. Tindberg er aktuell med teaterstykket Gudspartikkelen der han utforskar eksistensielle spørsmål.
Han seier: «Det er plass for mysterier, det er plass for gåter og undring, med andre ord – det er plass til tro.»
Det er tid for å høyra og undra seg over juleforteljinga. Ta med deg heile deg inn i møte med tekstane. Still dine kritiske spørsmål, mi erfaring er at julebodskapen toler det. Nytt gjerne høve til samtaler og velkomen til gudstenester og med di undring.
I fylgje Ajax fann vismennene barnet, dei tilbad barnet – og «di blei ikkje mindre vise av det.»
God jul!