Leiar av Hordaland SV, Gina Barstad (t.h.) meiner regionreforma bør avsluttast. Her saman med SV-politikar Anna Sofie Valvatne frå Stord. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

To av toppkandidatane til SV i Hordaland jublar over at ungdommane på Stord vidaregåande får gratis frukost. Men dei er ikkje nøgd før alle elevar på barneskulane får tilbod om gratis skulemåltid.

For nokre dagar sidan skreiv Stord24 om at Stord vidaregåande skule har innført tilbod om gratis frukost til alle elevane før skulestart. Saka fekk svært mykje respons, og er med rundt 600 «likes» på Facebook ein av dei mest likte sakene Stord24 har publisert.

Saka vekkjer også jubel blant to av toppkandidatane til SV i Hordaland, Anna Sofie Valvatne og Gina Barstad. Dei seier at det er takka vere SV på fylkestinget at tiltaket med gratis frukost vart innført på Stord vidaregåande.

– Kjempeinspirasjon

– Det som skjer på Stord vidaregåande er til kjempeinspirasjon, og eg synest det er utruleg flott at SV og fylket har fått til dette. Så dette er ei viktig delsiger i forståinga av at skulemat er viktig for læring på skulen, seier Gina Barstad.

– Me skulle hatt dette når eg gjekk på Stord vidaregåande. Eg kom klokka sju om morgonen grunna dårlege bussruter, og satt der ein time utan å ha hatt tid til å ete frukost, seier stordabu og SV-kandidat Anna Sofie Valvatne.

Dette frukostbordet møtte elvane ved Stord vidaregåande skule då dei møtte til første skuledag i haust. Foto: Stord vidaregåande skule
- Annonse -
- Annonse -

SV-politikarane meiner dette er ein delsiger for partiet, som har programfesta at dei ønskjer skulemåltid for alle grunnskulane i landet.

– Dette viser at me er kome langt. Me blei utskjelt for dette forslaget for åtte år sidan, og no har det gradvis fått anerkjenning som eit viktig politisk tiltak når det gjeld helse og læring i skulen, fortel Barstad, som er andrekandidaten til Hordaland SV.

– Kva ønskjer SV å gjere med tanke på skulemat dersom de kjem i regjering?

- Annonse -

– Me vil at alle elevar i barneskulen skal ha eitt skulemåltid i løpet av skuledagen. Då er det lunsj som vil vere det viktigaste. Norge er eitt av veldig få land i Europa som ikkje hadde tilbod om skulemat i barneskulen.

Fjerna skulefrukta

SV klarte å innføre gratis skulefrukt då dei sat i den raudgrøne regjeringa. Men dette tiltaket vart fjerna av Solberg-regjeringa i 2013.

– Me klarte å få innført skulefrukt, sjølv om me var det einaste partiet som gjekk inn for det. Men dette har Solberg-regjeringa fjerna, seier Barstad.

– Kva synest de om at dette er teke vekk?

– Eg synest det er så småleg. Alle er samde om at borna skal ete sunt, og dette var eit kjempebra tiltak som er sterkt sakna. Så i det aller minste må skulefrukta tilbake igjen. Men me ønskjer jo aller helst eit fullt måltid.

– Dette trur eg er eitt av dei viktigaste verkemidla me har for at folk skal kome seg gjennom skulen på normert tid. Dersom eg går rundt på skulen og er svolten og har det ubehageleg så vil jo det sjølvsagt gå ut over skuleresultatet, seier Valvatne.

- Annonse -