Cecilie Anna var en av seks Stord-artistar som viste fram heilt ny musikk under arranementet P&P på Sykkel og Kaffi i Leirvik torsdag. Foto: Jonas Sætre
- Annonse -

Seks lokale Stord-artistar fekk vise fram sitt nyaste låtmateriale under arrangement P&P (plater og pils) på Sykkel & Kaffi torsdag kveld.

Konseptet er så enkelt som det høyres ut. Folk samlast for å lytte på plater over ein pils eller to, med avmålte pausar for å få bukt med pratetrongen.

Fleire musikkprofilar på Stord har fått høve til å vise fram platesamlinga si i løpet av vårens P&P-arrangement.

Men torsdag var det ein ny vri på arrangementet. Då fekk seks lokale band og artistar høve til å vise fram den nyaste musikken dei har i emning.

Og spennvidda var stor. Frå det harmoniske lydbiletet til Cecilie Anna, til texas-bluesen til Tubesnakes, frå «vestlandsindie» med Nils Horn til funky tonar frå Goldlog, frå «etterretningsrock» med Jack Bounty til Atle Hansen i ny elektronisk-industriell innpakning.

– Veldig stor spennvidde

P&P vert arrangert av Sykkel & Kaffi-innehavar Stein Eldøy Rosland, Garreth Withaker og Ian Kolstad. Sistnemnde har også produsert mykje av musikken som blei framført på kveldens arrangement i heimestudioet sitt.

- Annonse -

– Eg opplever musikkmiljøet på Stord som veldig breidt. Det eg synest er så spesielt med Stord, at det er så stort spennvidde i artistane sitt utrykk. Det er fantastisk at me kan samlast her på ein kveld med så vidt forskjellige artistar, seier ein nøgd Kolstad etter arrangementet.

– Alle her er opptekne av å spisse fram sitt eige uttrykk. Det er jo nettopp det god musikk handlar om. Til sjuande og sist er me alle mennneske med si heilt eiga røyst.

Garreth Withaker, Stein Rosland Eldøy og Ian Kolstad står bak P&P-arrangementa. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Kolstad meiner likevel det er synd at all den mangslungne musikken på Stord ikkje får eit så stort publikum som den gjerne fortenar.

– Stord er veldig godt gøymd. Me manglar ein kanal for å få ført denne musikken ut. Me skulle hatt eit skikkeleg management som kunne vore med å få merksemd rundt musikken. Kanskje det er nokon i næringslivslivet som tenner på ideen, oppmodar Kolstad.

– Utruleg mange flotte stemmer på Stord

Cecilie Anna roste musikar-kollegaane på Stord då ho presenterte det nye låtmaterialet sitt.

– Det er så utruleg mange flotte stemmer her på Stord og som har stilt opp for meg, sa ho og dro fram blant anna Endre Olsen, Ragnhild Kambo Grov, Trond Onarheim og sambuaren Vidar Vedå.

Ho har saman med bandet sitt nyleg vore i Abbey Road studio i London, der dei har spelt inn sitt andre album. Det er venta gitt ut i oktober. Fram til då vil det bli publisert ein singel kvar månad.

Sykkel & Kaffi vart fylt opp med musikkinteresserte tilhøyrarar torsdag kveld. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Dei heldige som møtte opp fekk høyre to av songane for første gong: «It Follows» og «Dear David». Til sistnemnde låt fekk ho snikra saman eit lokalt gospelkor som korsongarar.

Atle Hansen i ny drakt

Atle Hansen fekk vist seg fram i eit overraskande nytt lydbilete denne kvelden. Han byrja å samarbeide med produsent Ian Kolstad nyleg, der den tidlegare visesjangeren er blitt til industriell elektronikamusikk.

– Det er ikkje ein einaste musikksjanger eg ikkje likar, sa Hansen.

– Eg likar enkle tonar som blir reperert til du blir galen. Det å lage vakker musikk av industrilydar.

To av singlane til Hansen, «Gamle Jakob» og «Månen over Kvinnherad» er allereie sleppt på strømmetenestene.

Jack Bounty fekk også synt fram to av sine nyaste låtar, som som passa rett inn i den ganske smale nisja dei opererer i: spionrock/etterretningsrock. Dei blir ikkje gitt ut før til hausten, men bandet opplyste at dei no vil bli lagt ut på Facebook i ti dagar for ein sniklytt.

P&P går i gang med nye arrangeent etter sommaren.

- Annonse -
Forrige artikkelHer skal Nysæter-elevane ha mellombels undervisning
Neste artikkelIce Dale gler seg til å avslutte verdsturneen på Stord
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no