Nils Magne Blålid, SV, Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Nils Magne Blålid meinte ville gi 320.000 kroner til Sunnhordland museum, og setje eit endeleg tak på kor mykje Stord maritime museum skulle få frå kommunen.

Nils Magne Blålid (SV) var svært kritisk til at det ligg an til at Sunnhordland museum ikkje skal få noko av driftstilskotet som vart halde tilbake frå kommunen.

– Det er ikkje til å underslå at SV har vore kritisk til prosessen i høve saka om musea. Det er pinleg at Stord kommune ikkje har eit tilskot i nærleiken av landsgjennomsnittet. Det er sterkt beklageleg at 90.000 kroner er det einaste som er blitt overført til Sunnhordland museum år. Me hadde heilt klart ønskt at det skulle vere eit direkte tilskot til museet, sa Blålid.

Blålid fremja så eit framlegg om at det skal utbetalast 320.000 kroner til Sunnhordland museum for i år, og at det skal bli utbetalt 200.000 til Stord maritime museum som ein eingongsstønad.

Enda som i komiteen

Men det var berre SV som røysta over sitt eige framlegg. Dermed enda vedtaket i museumssaka i hovudsak slik som innstillinga frå komiteen.

- Annonse -
- Annonse -

Det betyr at Stord maritime museum har frist til oktober med å kome fram til ei ny driftsmodell, og at kommunen ikkje vil støtte samlinga vidare etter dette. Samtidig vil ikkje Sunnhordland museum få noko av driftsstøtta på 520.000 som vart halden tilbake frå kommunen.

– No set me eit endeleg punktum for håpet om samarbeid mellom Stord maritime museum og Sunnhordland museum. Denne saka er ferdig no, sa Jakob Bjelland (SV).

Saka var først oppe i næring, miljø og kultur-komiteen, der politikarane kom samrøystes fram til eit vedtak som støtta seg på rådmannen si innstilling om å gi Stord maritime museum frist til oktober for å fremja eit alternativt driftsstøtte. Dei vedtok å ikkje gi driftsstøtte til Sunnhordland museum, men ville løyve 40.000 kroner som «plaster på såret».

– Me erkjenner at partane har skilt lag og opererer som to sjølvstendige einingar, sa komitéleiar Bente Bjelland då ho formidla innstillinga.

– Toget er gått

- Annonse -

Liv Kari Eskeland (H) var delvis samd i argumenta til Blålid, men meinte at toget var gått for årets midlar. Eskeland understreka på at det var på tide å sjå framover.

– Eg greier ikkje å ta stilling til summane SV foreslår. Det er slik at bordet fangar, og Høgre kjem til å støtte framlegget som koalisjonen fremja. Men det er viktig at me no tek vare på dei arbeidsplassane me har som er statlege og regionale, og som me ønskjer skal blomstre i framtida.

– Me har mykje å takke dei på kaien, men me har også mykje å takke Sunnhordland museum for. Me som vertskommune må vere tydeleg på at me ønskjer å støtte opp og sørgje for at det museet blomstrar.

Ikkje fungert

Sigbjørn Framnes (Frp) erkjente også at det å halde tilbake alle pengane frå Sunnhordland museum var uheldig, men at det no var for seint å gjere noko dette budsjettåret.

– Det me har gjort nede på kaien har ikkje fungert, det har vel alle sett. Eg ser at det å ta vekk alle pengane frå Sunnhordland museum er negativt. Men det er også negativt å ta vekk pengane får Stord maritime museum.

Nils Tore Gram Økland, Ap, meinte at lærdomen frå prosessen må vere at Stord kommune må halde seg for gode til å blande seg inn i stiftingar i framtida.

– Stord kommune må ikkje direkte eller indirekte prøve å overstyre stiftane, både ved Stord maritime museum og Sunnhordland museum. Framlegget som ligg i bordet går konkret ut på å avslutte husleigebetalinga og prøve å finne magasinrom til samlinga.

 

- Annonse -