Anna Sofie Ekeland Valvatne.
- Annonse -

Debatt: Eg stiller som ungdomskandidat for Stord SV fordi eg brenn for klima og små skilnader. Det er røysta di som avgjer kva som blir prioritert dei neste fire åra.

Av: Anna Sofia Ekeland Valvatne,
2. kandidat, Stord SV

Skilnadene aukar i Noreg og kloden koker. Me har berre elleve år på å halvera klimagassutsleppa. Likevel lèt høgresida utsleppa fortsetja å auka.

Det er no me avgjer kor godt kollektivtilbod me skal ha dei neste fire åra. Det er no me avgjer om me skal prioritera satsing på psykisk helse, på betre fritidstilbod og gratis frukost på vidaregåande. Det er no me avgjer om me skal bu i ein kommune og eit fylke der skilnadene går ned og det er enkelt å velja grøne løysingar.

Klimakrisa er vår tids største utfordring. Likevel har ser me at Høgre og Frp igjen og igjen vel dei grå løysingane. Større og fleire forureinande motorvegar, slik som Hordfast, gir betre plass til bilen, tristare byar og vanskelegare forhold for gåande. I staden for å leggja til rette for gårsdagens løysingar må vi gjera det enkelt å velja grønt. Billegare og meir buss, sykkelvegar, og trygge veg i heile fylket.

I Stord kommune skal det vera plass til alle. Ho som slit med store psykiske problem skal få den hjelpa ho treng. Derfor vil me satsa på skulehelsetenesta. Og han som sit med matteleksene i heile kvelden men framleis ikkje forstår algebra, fortener ein lærar som hjelper han med det på skulen. Difor vil me ha ein leksefri skule der ein gjer oppgåvene på skulen i lag med ein lærar, framfor heime åleine.

- Annonse -

Me som er unge kan forandra verda. Hadde me som streikar for klimaet styrt landet, hadde me vore ute av olja og på veg inn i framtida, med den norske industriarbeidaren med på laget. Det er på tide at me òg får vera med der avgjerdene blir tatte. På valgdagen 9. september kan du gjera noko med det.

Eg stiller som ungdomskandidat for Stord SV fordi eg brenn for klima og små skilnader. Det er røysta di som avgjer kva som blir prioritert dei neste fire åra. SV prioriterer klima og rettferdig fordeling over motorveg og skattekutt til landets aller rikaste.

Ei røyst til SV 9. september er ei røyst for dei mange, ikkje for dei få.

Godt val!

- Annonse -