John F. Tonnessen er ordførarkandidat for Miljøpartiet Dei Grøne på Stord. Foto: MDG
- Annonse -

DEBATT: Det eg har lært etter fire år i kommunestyret er at eg må kjempa vidare, sjølv når uvitskap legg hinder i vegen.

Av: John F. Tonnessen, 
Ordførarkandidat, Stord MDG

Då eg var med å stifta lokallag her på Stord og stilte val for 4 år sidan, kalla Høgre-politikarar oss for modige. Det var me, og det er me.

Eg var og heilt fersk, hadde aldri vore involvert i politikk før, og har i stor grad prøva, feila og lukkast litt, i den tida eg har vore i kommunestyret. Men eg har lært mykje og vil dela litt av den lærdommen med dykk andre på Stord i dette og fleire innlegg. Dagens lærdom frå MDG:

Det første eg lærte var at det er lite rom for nye tankar i kommunestyret. I eit av dei fyrste møta mine der, foreslo eg at Stord kommune kunne starta eit prøveprosjekt med ein type ‘hent meg’-app. Ei kollektiv transportordning som styres av etterspurnad, og var då brukt i nokre kommunar i Noreg. Sigbjørn Framnes i Frp kalla meg då nærast ein idiot fordi eg ikkje visste at det er fylkeskommunen som styrar kollektivtrafikken.

Eg visste det, og eg visste at dei fokuserer på Bergen, ikkje på Sunnhordaland, difor ville eg at Stord kommune skulle arrangere noko eige. I ettertid har Ap og koalisjonen søkt Skyss om å få vere med på nett ei slik prøveordning.

- Annonse -

Hadde MDG blitt lytta til, kunne Stord kommune hatt ei slik ordning allereie, slik dei har i Sauda, og slik Odda no har fått ja til av Skyss å vere med på, medan Stord fekk nei frå byråkratane i Skyss.

Fleire av partiprogramma har no servicebuss eller ‘hent meg’- app programfesta. MDG var visst litt for tidleg ute.

Det eg har lært er at eg må kjempa vidare, sjølv når uvitskap legg hinder i vegen.

- Annonse -