- Vi er kjende med desse reglane og har forståing for at det må vere slik i den situasjonen vi står i no. Eg er glad for at det ser ut til at eg får vere med under fødselen, fortel ordførar Gaute Epland. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

INNLEGG: Eg er overtydd om at me vil komma oss gjennom dette, og vil oppmoda alle om å fortsetja å følgja råda til helsemyndigheitene og ta vare på kvarandre. 

Av: Gaute Epland (Ap),
Ordførar i Stord kommune

Det er krevjande tider for oss alle. Situasjonen er uavklart, og konsekvensane usikre. Myndigheitene har sett i verk dei mest omfattande krisetiltaka me har sett i fredstid.

I helga kom også det første smittetilfellet her på Stord. Det gjer at det heile kjennest endå nærmare og tettare på.

Eg har stor forståing for at dette kan skapa usikkerhet og uro. Og det er viktig at me tek vare på kvarandre i situasjonen me står i.

Samstundes vil eg rosa Stordsamfunnet for måten ein har møtt krisa på så langt. Eg ser eit lokalsamfunn der enkeltpersonar, bedrifter og lag og foreiningar er opptekne av å følgja helsemyndigheitene sine råd og har fokus på korleis ein kan bidra til å redusera smittefaren mest mogleg.

- Annonse -

Fleire vender seg også til kommunen og vil vera med og bidra:

  • Kværner hjelper kommunen med smittevernsutstyr og tilbyr praktisk hjelp
  • Røde kors tilbyr personell til praktisk hjelp og sjåførteneste
  • Personar som bur på flyktningmottaket tek kontakt og tilbyr hjelp
  • Anne Beathe Ulveset Lilletvedt har oppretta nabohjelpgruppe på Facebook.

Eg vil på vegner av kommunen gje dei alle ein stor takk.

Eg vil også rosa dei kommunetilsette som er fleksible og løysingsorienterte, og har fokus på å bidra til å avgrensa smittefaren og samstundes gje tenester i ein ekstraordinær situasjon.

Me er gode på dugnad her på Stord. Og eg er overtydd om at me vil komma oss gjennom dette, og vil oppmoda alle om å fortsetja å følgja råda til helsemyndigheitene og ta vare på kvarandre.