Butikksjef Dag Hindenes i Rema 1000 seier dagens hending var rystande for dei tilsette. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Representantar frå Rema 1000 i Bergen kjem til butikken på Bjelland for å følgje opp dei tilsette etter knivranet.

Tysdag morgon blei Rema 1000-butikken på Bjelland rana med ein kniv. Ein mann i 40-åra blei raskt arrestert av politiet for ranet.

Butikksjef, Dan Hindenes, seier til Stord24 at det var ei skakande oppleving både for han og dei tilsette.

– Det er klart at me er rysta over dette her. Det var eit lite sjokk både for meg som butikksjef og for dei tilsette. Det er sjølvsagt ikkje noko kjekt at dette skjer. Mitt ansvar er no å ivareta dei tilsette.

– Me har allereie folk på veg frå Bergen som skal ha møte med meg og dei andre tilsette. Me skal gå gjennom beredskapen og få prata ut om dette her.

– Korleis har kvinna det som blei utsett for ranet?

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Me skal følgje opp saka på mest mogleg måte. Ho som blei utsett for ranet har det bra og tok det veldig fint, sjølv om det er klart at ho er rysta over dette. Ho er nok klar for å legge dette bak seg.

Hindenes har førebels ikkje oversikt over kor mykje mannen fekk med seg under ranet.

– Han har fått med seg noko, men me veit ikkje kva. Me veit enno ikkje utfallet av dette.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -