Tillitsvald i Utdanningsforbundet, Jonatan Gniste, reagerer endringsforslaga til rådmannen for nye Nysæter skule. Foto: Utdanningsforbundet Stord/Vis-a-Vis Arkitekter
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Tillitsvald i Utdanningsforbundet, Jonatan Gniste, reagerer på at prosjekgruppa for ny Nysæter ungdomsskule ikkje har vore involvert når rådmannen har utarbeida endringsforslaga for skulen.

Måndag skreiv Stord24 om forslaga til rådmannen om å skjære kraftig ned på arealet ved Nysæter ungdomsskule, på bakgrunn av at skulen kjem til å bli rundt 128 millionar kroner dyrare enn det ein først hadde tenkt.

Tillitsvald i Utdanningsforbundet og medlem av prosjektgruppa som jobbar med den nye skulen, Jonatan Gniste, reagerer på at rådmannen lufttar forslaga utan å ha rådført seg med prosjektgruppa.

– Det er ingen som er blitt informert eller spurt om råd. Dette kom heilt plutseleg for alle.

Ikkje involvert i prossen

Det var under kommunestyremøtet før jul, 18. desember, at rådmannen først nemnde at prislappen på skulen kom til å bli mykje dyrare. Fleire detaljar kom han ikkje med då, men viste til den politiske saka som skulle kome i slutten av januar. I løpet av desse vekene har altså ikkje prosjektgruppa blitt involvert i prosessen.

– Eg tenkjer at det er ikkje sånn det skal fungere i eit demokrati. Det er jo ei grunn til at prosjektgruppa eksisterer, og alle endringar bør eller må gå gjennom den.

- Annonse -
- Annonse -

Gniste meiner mange av endringsforslaga som rådmannen kjem med, som samanslång av spesialrom og reduksjon av eit naturfagsrom, er noko som ein treng pedagogisk kompetanse for å vurdere.

– Ein rådmann sit og teiknar på eit brett ut i frå kva han tenkjer om areal. Det er langt frå  sikkert at det gir noko meining. Det kan godt vere at nokre av endringane kan vere fornuftige, men dei må jo gå gjennom pedagogisk ekspertise.

– Får konsekvensar for mange

Gniste viser til at den store reduksjonen av skulen som rådmannen kjem med forslag om, kan få store ringverknadar.

– Til dømes vil eit mindre musikkareal gjere at skulekorpset og musikklaget ikkje få plass til å bruke rommet som øvingslokale. Det same gjeld biblioteket. Det blir rett og slett for lite.

- Annonse -

– Det er viktig å hugse på at dette ikkje berre er ein skule, men eit bydelssenter som skal vere ein samlingsstad for heile bydelen. Viss ein begynner å kutte vil det få store konsekvensar av totalbruken.

Eit av forslaga til rådmannen er å redusere kapasiteten til auditoriet i midten av skulen, frå 270 elevar til berre 100. Dette er eit døme på kva Gniste meiner er eit lite gjennomtenkt forslag.

– Kva skal me med eit auditorium som berre får plass til 100 elevar? Heile poenget er jo at me skal samle heile skulen. Det kan godt vere dagens auditorium er for stort, men kapasitet til 100 er jo halvparten av kva det må vere, seier Gniste som sjølv er lærar på Nysæter ungdomsskule.

Kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Skal bruke neste halvåret på drøftingar

Kommunalsjef for oppvekst og utdanning i Stord kommune, Mariann Jacobsen Hilt, seier at det er lagt opp til at arbeidsgruppa skal drøfte forslaga det neste halvåret.

– Det er viktig å presisere at det ikkje er gjort nokre endringar enno. Det ligg i forslaget frå rådmannen at ein bør vurdere endringane og at forslaga skal takast tilbake og vurderast i arbeidsgruppa. Det er det dette ekstra halvåret skal nyttast til, seier Hilt.

Ho meiner at ein ikkje kjem utanom endringar for å redusere prisen på skulen.

– Me meiner forprosjektet som ligg føre framstår som godt og gjennomtenkt, men at ein likevel bør søkje å redusere kostnaden med prosjektet, som er blitt langt høgare enn det opphavlege overlaget. Så kjapt fortalt er me einige med Gniste i at endringane bør drøftast i prosjektgruppa.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -
DEL
Forrige artikkelNok ei utsetjing?
Neste artikkelLegg ned asylmottaka!
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24.