Illustrasjonsfoto: Pixabay
- Annonse -

LESARBREV: Laurdag 10. september er verdsdagen for sjølvmordsførebygging. Dagen blir nytta til å minne om kor viktig det er å snakke om sjølvmordstankar.

Av: Lars Ravn Øhlckers, psykologfaglig rådgiver/psykologspesialist, Helse Stavanger/SUS,
Ingrid Camilla Aasbøe Heggland, avdelingsleiar Haugaland DPS, Helse Fonna

Vi som arbeider med sjølvmordsforbygging i helsetenesta har eit ganske enkelt, men likevel vanskeleg mål; at fleire skal våge å fortelje at dei har sjølvmordstankar og at menneska rundt dei skal våge å spørje.

Førebygging av sjølvmord er ein samfunnsinnsats, og ikkje berre ei oppgåve for enkeltpersonar eller helseapparatet. Sjølvmordsførebygging handlar om meir enn helse: Det handlar om å ha eit godt miljø å vakse opp og bu i. Det handlar om å ha stabil økonomi. Det handlar om å ha moglegheiter til utdanning og tilgang til naudsynte helsetenester. Det handlar om å ha noko meiningsfullt å fylle dagane med. Og ikkje minst handlar det om å vere omringa av menneske som vil ein vel.

Gode relasjonar er sjølvmordførebyggande. Det er som regel dei som er nærast som får den vonde magekjensla. Samfunnet, helsetenesta og nettverket må jobbe saman, og vi har eit felles ansvar.

Så kva gjer vi viss vi er bekymra for nokon, anten det er i jobbsamanheng eller privat? Eller kva viss ein sjølv har tankar om sjølvmord? I forbindelse med ein kampanje for sjølvmordsførebygging i Helse Vest for eit par år sidan blei det laga ei nettside med råd til den som er bekymra for nokon, til den som har sjølvmordstankar, og til helsepersonell og fagfolk.

- Annonse -

Både der og på helsenorge.no finn ein konkrete tips og råd, både om korleis ein kan spørje, og om kva ein gjer dersom ein spør og personen svarer at dei har sjølvmordstankar. Det handlar om å ta mot til seg og spørje personen ein er bekymra for, direkte, om dei har sjølvmordstankar. Fortel gjerne litt om kva du har lagt merke til som gjer deg bekymra, og still eit direkte spørsmål.

Og hugs; det er ikkje så viktig korleis du spør. Det viktigaste er at du gjer det. Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.

- Annonse -
Forrige artikkelSigurd feirar 50 år som kunstnar: – Eg har fått oppleva veldig mykje
Neste artikkelDette er eitt av områda i Fitjar som kan vera eigna for solcellepark